Langvatnet i Rana

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Langvatnet
innsjø
none  Langvatnet sett frå Kjelen
Langvatnet sett frå Kjelen
Område Rana (Nordland)
Høgd over havet 43 moh moh
Areal 26 38 km² km²
Kystlengd1 64 00 km km
Wikimedia Commons: Langvatnet in Rana
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Langvatnet er ein innsjø i Rana kommune i Nordland fylke. Langvatnet er regulert og fungerer som magasin for Ytteren kraftverk og Reinforsen kraftverk. Langvassgrenda ligg ved vestenden, i nordaust Røvassdalen.

Frå den vestlege delen av Svartisen, renn Glomåga ut i Langvatnet, saman med dei mindre sideelvane Trolldalselva, Leiråga og Ramnåga.

Frå den austlege delen av Svartisen renn Svartisåga og Blakkåga, og dei møter kvarandre som som Raudvassåga, som òg knytt til Langvatnet.

Langvatnet er bunde til Ranelva gjennom Langvassåga.

Oppdemminga av Reinforsen dam, i nærleiken av Reinforsen kraftverk, fører til at Raudvassåga ofte renn ut i Langvatnet. Det medfører òg at vatnet frå Ranelva tidvis renn oppover Langvassåga og ut i Langvatnet.

Straumretninga i Langvassåga er avhengig av tilløpet til og vassstanden i Langvatnet, vassføringane i Raudvassåga og Ranelva, lukestillingane i Reinfossen dam og drifta i Langvatn kraftverk.