Reinforsen kraftverk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Reinforsen

Reinforsen kraftverk er eit vasskraftverk ved Skonseng i Rana kommune i Nordland fylke. Kraftverket er bygd i tilknyting til ei demning på Reinforsen. Demninga vart bygd i 1950 og utvida i samband med bygginga av Langvatn kraftverk.

Langvatnet er magasin for kraftverket. Vatnet er regulert mellom 41 og 44 moh. Langvatn kraftverk nyttar òg Langvatnet som magasin.

Kraftverket vart bygd i 1925 av Dunderland Iron Ore Co Ltd som dreiv Rana gruver. I 1950 vart kraftverket overtatt av NVE og leverte då kraft til Jernverket i Mo i Rana.

Det er installert to vertikale francisturbinar på 3 MW. Middels årsproduksjon er på 28 GWh.

Eigar er Statkraft.

Filgalleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]