Larry Mullen jr.

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Larry Mullen Jr.
Larry Mullen Jr in Dublin, Nov 27 2015.jpg
Mullen i 2015
Fødd31. oktober 1961 (61 år)
FødestadArtane i Dublin i Irland
FødenamnLawrence Joseph Mullen Jr.
OpphavDublin i Irland
AktivSidan 1976
SjangerRock, postpunk, alternativ rock
Instrumenttrommer, perkusjon, vokal, synthesiser
Tilknytte artistarU2, Passengers, Alice Cooper
PlateselskapIsland Records
Verka somMusikar, trommer, låtskrivar, skodespelar
Prisaroffiser av Frihetsordenen

Lawrence Joseph Mullen Jr. (fødd 31. oktober 1961) er ein irsk musikar og skodespelar, mest kjend som trommeslagar og originalt medlem i rockebandet U2.[1] Den særeigne, nesten militante trommestilen til Mullen kom av at han spelte i marsjband som barn. Somme av dei mest kjende bidraga hans i U2-katalogen er mellom andre «Sunday Bloody Sunday», «Pride (In the Name of Love)», «Where the Streets Have No Name», «Zoo Station,» «Mysterious Ways» og «City of Blinding Lights».

Mullen vart fødd og voks opp i Dublin og gjekk på Mount Temple Comprehensive School, der han var med å skipe U2 i 1976, etter å ha hengt opp ein lapp på oppslagstavla på skulen. Mullen har vore medlem av bandet sidan starten og spelt på 14 album med dei. Mullen har òg arbeidd på ei rekkje sideprosjekt gjennom karrieren. I 1990 produserte han songen til det irske herrelandslaget i fotball, «Put 'Em Under Pressure», i høve fotball-VM 1990. I 1996 arbeidde han med U2-kollegaen Adam Clayton på ei dance-innspeling av «Theme from Mission: Impossible». Mullen har sporadisk vore skodespelar i filmar, mellom anna Man on the Train (2011) og A Thousand Times Good Night (2013).

Som medlem av U2 har han vore involvert i filantropiske saker gjennom heile karrieren, inkludert Amnesty International. Han har motteke 22 Grammyprisar[1] og har blitt innlemma i Rock and Roll Hall of Fame. I 2016 rangerte Rolling Stone Mullen som den 96. beste trommeslagaren gjennom tidene.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Colombaro, Sherry. «Larry Mullen Jr. profile at atu2.com». U2 Online. Henta 21. november 2020. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]