Lars Arne Nilsen
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fødd | 6. april 1964 | ||
Fødestad | i Noreg | ||
Seniorspelar* | |||
År | Lag | Kmp† | (Mål)† |
- 1988 | Stord | ||
1989-1990 | Sogndal | ||
1991-1994 | Nest-Sotra | ||
1995 - | Volda | ||
Trenarlag | |||
1999-2010 | Ørsta | ||
2010-2015 | Hødd | ||
2015-2020 | Brann | ||
2020 - | Aalesund | ||
* Kampar og mål for klubblag er berre rekna for den heimlege ligaen. † Kampar (mål). |
Lars Arne Nilsen (fødd 6. april 1964) er ein norsk fotballtrenar som trenar fotballklubben Hødd. Som ung spelte han for Stord Idrettslag og var klubben sin toppscorar i 1988, det året han scora 1-0 i opprykkskampen til 1. divisjon mot Os Turn Fotball. Han spelte for Sogndal Idrettslag 1989-90, Nest-Sotra Fotball 1991–94 og Volda frå 1995 der han òg var trenar. I 1999 var han trenar for Ørsta Idrettslag. Frå 2008 var han assisterande trenar for Hødd, under Einar Magne Skeide. Nilsen vart forfremma til hovudtrenar frå 2010-sesongen og leia laget til siger i Noregsmeisterskapen i fotball for herrar 2012, i ein sesong der laget fann seg i nest øvste divisjonen og såvidt berga seg frå nedrykk.
Frå 2015 til 2020 var han hovudtrenar for Sportsklubben Brann.
I 2020 overtok han som trenar i Aalesund.
Lars Arne er far til Sivert Heltne Nilsen (fødd 1991) som òg spelar for Brann.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Lars Arne Nilsen» frå Wikipedia på bokmål, den 28. mai 2013.