Stord Idrettslag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Stord Idrettslag er eit idrettslag på Stord i Hordaland, skipa 30. mars 1914. Laget, som fram til 2001 heitte Stord Turn og idrettslag, har drive med idrettane turn og friidrett sidan 1914, fotball frå 1918, orientering frå 1945, handball og skiidrett sidan 1965, skeiseløp sidan 1968, symjing sidan 1971, volleyball sidan 1980-talet og basketball sidan 1990-åra. I 1914 stod også bryting på lagsprogrammet.

Handball[endre | endre wikiteksten]

Stord IL er best kjend for handballaget for menn. Laget spelte i eliteserien frå 1999 til det vart nedrykk i 2011. Kvinnelaget spelar på tredje nivå i seriesystemet.

Fotball[endre | endre wikiteksten]

Fotballaget til Stord spelte i 2. divisjon i sesongane 1989 og -90, med forsvarsspelaren Geirmund Brendesæther og angriparen Morten Tislevoll som dei leiande spelarane. Sesongane 2002 til 2006 deltok Stord Sunnhordland Fotballklubb i seriespelet i staden for Stord Idrettslag. Fotballklubben vart danna ved at Stord IL og Moster Idrettslag gjekk saman om felles A-lag. Fellesprosjektet førte ikkje fram, så frå 2007 stilte Stord IL atter med eige lag. I 2015 spelar laget på nivå fire i norsk seriefotball.

Skeiser[endre | endre wikiteksten]

Kjell Storelid representerte Stord IL då han vart norsk meister i 1997.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]