Lars Johannesson Aga

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Lars Johannesson Aga
Fødd 12. mars 1800
Ullensvang
Død

7. august 1889
Ullensvang

Yrke politikar

Lars Johannesson Aga (12. mars 18007. august 1889) var ein norsk gardbrukar, lensmann og stortingsmann frå Ullensvang. Johannes Pedersen Aga var far hans og Johannes Johannesson Aga bror hans.

Aga vart konstituert lensmann i heimbygdene i 1824, seinare var han knytt til lensmannsstillinga som medhjelpar. Han vart lensmann i Ullensvang i 1830, ei stilling han hadde til 1881. Aga var også gardbrukar på Hovland i Ullensvang frå 1839. Han var medlem av heradsstyret 1839-81 og forlikskommissær 1840-53.

Aga var stortingsmann frå Søndre Bergenhus amt i 1842 og 1845. I 1842 han medlem av protokollkomiteen, medan han i 1845 var med i næringskomiteeen.

Aga døydde på garden sin i Ullensvang i 1889.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]