Ullensvang kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Ullensvang)
For den tidlegare kommunen med same namnet, sjå Ullensvang herad.
Ullensvang herad
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Vestland
Adm.senter Odda
Areal 3 236,63 km²
 - land 2 976,89 km²
 - vatn 259,74 km²
Folketal 11 017  (1. januar 2024)
Målform nynorsk
Ordførar Roald Aga Haug (Ap)
Kommunenr. 4618
Kart
Ullensvang kommune
60°4′0″ N 6°33′0″ E
Nettstad: www.ullensvang.kommune.no

Ullensvang kommune er ein kommune i Hardanger i Vestland fylke. Han vart oppretta 1. januar 2020 ved samanslåinga av Ullensvang herad, Odda kommune og Jondal kommune.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Heradet grensar i nord mot Granvin herad og Ulvik herad, i nord og aust mot Eidfjord kommune, i aust mot Vinje kommune, i sør mot Suldal og Sauda kommunar og i vest mot Etne og Kvinnherad kommunar. Vest for Hardangerfjorden ligg Kvam herad. Lokalavisa Hardanger Folkeblad («Folkablae»), som kjem ut i Odda, dekkjer Ullensvang herad.

Heradet ligg på båe sider av Sørfjorden i Hardanger, på sør- og nordsida av Utnefjorden, på vestsida av indre Samlafjorden, på vest- og austsida av den sørlege delen av Eidfjorden. Langs Samlafjorden ligg gardane Litlås og Storås, Kvalvik, Alsåker, Vines, Lote og Hesthamar. På sørsida av Utnefjorden ligg Utne, på nordsida Tjoflot og Ulgenes. På vestsida av Eidfjorden ligg Kaland og Djønno, på austsida Ytre Bu og Ringøy. Nordaust for innlaupet til Sørfjorden ligg Kinsarvik. På austsida av Sørfjorden ligg Urheim, Lutro, Lofthus, Opedal, Børve, Sekse, Hovland, Espe og Fresvik. På vestsida av Sørfjorden, nordover frå Odda mot Utne ligg Kvitno, Eikhamrane, Måge, Bleie, Reidsete, Vikebygd, , Rogdo, Aga, Velure, Jåstad, Haustveit, Hauso, Grimo, Langasete og Trones.

Nordre snutten av Folgefonna ligg i heradet. Mykje av vestsida av Hardangervidda utgjer størstedelen av arealet til heradet og over 80 % av arealet i Ullensvang ligg 900 meter eller meir over havet.

Det høgaste punktet i Ullensvang er Hårteigen, 1690 m.o.h.

Utsikt frå Tjoflot inn mot Kinsarvik og Lofthus i Hardangerfjorden. I front deler fjorden seg i Sørfjorden og Eidfjord.
Foto: G.K.Tjoflot

Historie[endre | endre wikiteksten]

Kommunen heitte fram til 1870 Kinsarvik, då skifta kommunen namn til Ullensvang. I 1913 vart så Ullensvang delt i tre, Odda, Ullensvang og Kinsarvik. I 1964 vart Ullensvang slege saman med Åsgrenda frå Kvam herad, Eidfjord kommune og Kinsarvik herad med unntak av Kvanndalsområdet på nordvestsida av Hardangerfjorden. Eidfjord vart skild ut att som eigen kommune i 1977. I 2020 vart Ullensvang herad og Odda og Jondal kommunar slegne saman og heldt på namnet Ullensvang.

Folketalsutvikling[endre | endre wikiteksten]

I tiårsperioden 1996–2006 gjekk folkemengda i Ullensvang tilbake med 10,4 % mot 7,3 % i Hardanger som heilskap.

Folketalsutvikling for noverande Ullensvang kommune frå 1920:

1.12.1920[1] 1.12.1930[2] 3.12.1946[2] 1.1.1951[3][4] 1.1.1961[3][4] 1.1.1981[3] 1.1.1991[3] 1.1.2001[3] 1.1.2010[3]
3663a 3655a 4216a 3943a 4012a 4030 3944 3608 3382
a Talet omfattar området rundt Kvanndal i gamle Kinsarvik kommune, som ved kommunesamanslåinga i 1964 vart del av Granvin kommune. Dette området hadde då 72 innbyggjarar. Talet omfattar ikkje området Åsgrenda som låg i Kvam kommune fram til det vart overført til Ullensvang kommune i 1965. Dette området hadde då 61 innbyggjarar.

Kultur og næringsvegar[endre | endre wikiteksten]

Heradet er kjend for jordbruk og fruktdyrking, og for fruktbløminga om våren. Mange av gardbrukarane driv med ein kombinasjon av fruktdyrking og sauehald. Det meste av jordbruks- og skogbruksarealet er brattlendt, ofte svært brattlendt. Turisme er den andre viktige næringsvegen.

I Ullensvang ligg 6 barne- og ungdomsskular: Kinsarvik Skule, Opedal Skule, Sekse Oppvekstsenter, Vikebygd skule, Vines skule og Hauso skule. Det finst ikkje vidaregåande skule i Ullensvang, dei næraste ligg i Odda, Kvam og Voss.

Heradsstyret har gjort vedtak om fleire tusenårsstader i Ullensvang, men ein hovudplass, som er Utne sentrum. Sentrum og kaiområdet har vorte opprusta, og markeringa av tusenårsstaden, ein skulptur, har vorte reist. Skulpturen er utforma av kunstnaren Ingunn van Etten og står på kaia. Han vart avduka sommaren 2007.

Ullensvang har dei siste åra fått fleire årlege festivalar:

  • Blømingsfestivalen føregår i Kinsarvik i mai. Her møtest spelemenn og danseglade publikummarar kvart år for å ta del i Vestlandsmeisterskapen i gamaldansmusikk.
  • Hardanger musikkfest er ein kammermusikkfestival som kvar pinsehelg byr på konsertar, vandringar og seminar. Han strekkjer seg over tre kommunar med hovudsete på Lofthus.
  • Morellfestivalen vert skipa til på Lofthus siste helga i juli. Det er ein folkefest med revy, musikk og salsboder.
  • Sommaren 2008 vart også musikkfestivalen Velure Rock skipa til for fyrste gong på Velure, på vestsida av Sørfjorden.

Kjende folk frå Ullensvang[endre | endre wikiteksten]

Biletgalleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  2. 2,0 2,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 Folkemengd i Ullensvang 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
  4. 4,0 4,1 Folkemengd i Kinsarvik 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
Granvin Ulvik
Kvam N Eidfjord
V Ullensvang A
S
Jondal Odda Vinje