Lars Larsen-Naur

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Lars Larsen-Naur
Fødd 8. mars 1841
Død 9. august 1896

Lars Anton Nicolai Larsen-Naur (8. mars 18419. august 1896) var ein norsk sakførar og stortingsmann frå Kragerø.

Han var son til ein kjøpmann og skipsreiar. I 1857 vart han student frå Nissens skule i Christiania, fem år seinare vart han cand. jur. Frå 1867 var han overrettssakførar i Kragerø. Han var medlem av bystyret frå 1872, ordførar i fleire år.

Larsen-Naur representerte Kragerø på Stortinget 1880-82 og på omframstortinget 1882. Han var medlem av kyrkjekomiteen. Sidan var han fram til 1894 valkrinsen sin varamann til Stortinget.

Han døydde i Kragerø i 1896.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914