Lars S. Vikør

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Lars S. Vikør
Fødd 30. april 1946
Oslo

Lars Sigurdsson Vikør (fødd 30. april 1946) er professor i nordisk språkvitskap, særleg nynorsk leksikografi, ved Norsk Ordbok, Universitetet i Oslo, og har det faglege ansvaret for manuskripta til Norsk Ordbok.

Vikør har skrive bøker og artiklar om språkplanlegging, språkpolitikk, språknormering, leksikografi og moderne språkhistorie. Han har òg engasjert seg for samnorsk-saka gjennom Landslaget for språklig samling. Vikør har vore representant i Norsk språkråd.

Vikør har per 2007 omsett seks skjønlitterære bøker frå nederlandsk, den første var Men Marte då! av Veronica Hazelhoff (1986). Han fekk Bastianprisen for barne- og ungdomsbøker 1994 for Kvifor sa vi ingenting? av Jan de Zanger (1993), og Kulturdepartementets oversetterpris 2001 for Bror av Ted van Lieshout (2001). Andre representative omsetjingar er Om så med vald av Jan de Zanger (1990), Evolusjonsteorien og ost av Bas Haring (2003) og Bryllaup ved havet av Abdelkader Benali (2005).

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Viktige publikasjonar[endre | endre wikiteksten]

  • The New Norse language movement (1975)
  • Språkpolitikk pa fem kontinent: Eit oversyn og ei jamføring (1977)
  • Perfecting spelling: Spelling discussions and reforms in Indonesia and Malaysia, 1900-1972 (1988)
  • The Nordic languages: Their status and interrelations (1993)
  • Aust-Timor, ein nasjon under jernhælen (1994)