Samnorsk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
For det fiktive språket samnorsk frå science fiction-litteraturen, sjå A Fire Upon the Deep.

Samnorsk er ei tenkt, framtidig norsk målform der nynorsk og bokmål er smelta saman til eitt. Den såkalla tilnærmingspolitikken hadde som føremål å avskaffa skilnadane mellom bokmål og nynorsk på lengre sikt. Det vart blant anna sett på som upraktisk å ha det same språket uttrykt i skrift på to konkurrerande måtar. Samnorsktanken dominerte norsk språkpolitikk på store delar av 1900-talet. På grunn av sterk motstand, både frå riksmålshald og nynorskhald, har styresmaktene og Språkrådet i dei siste tiåra gått vekk frå tilnærmingspolitikken.

I 2002 vart samnorsk offisielt gitt opp, då Stortinget vedtok å oppheva § 1b i Lov om Norsk språkråd. Her het det at Språkrådet «skal følge utviklingen av norsk skriftspråk og talespråk og på dette grunnlag fremme samarbeid i dyrkingen og normeringen av våre to målformer og støtte opp om utviklingstendenser som på lengre sikt fører målformene nærmere sammen». I bokmålsreforma i 2005 vart en rekkje tilnærmingsformer stroke or bokmålsrettskrivinga og fleire tradisjonelle former (riksmålsformer) teke inn att, samstundes med at skiljet mellom hovudformer og sideformer vart oppheva.

Ordet samnorsk vart særleg i 1950-åra nytta om bruken av «radikale» eller «folkelege» former i bokmålet etter 1938-rettskrivinga. Ordet vart brukt nedsetjande av riksmålsfolk av di dei meinte at bokmålet vart vulgært og udanna.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]