Las Palmas de Gran Canaria

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Las Palmas de Gran Canaria
Utsyn over Las Palmas
Utsyn over Las Palmas
Flagget til Las Palmas de Gran Canaria Byvåpenet til Las Palmas de Gran Canaria
Flagget til Las Palmas de Gran Canaria Byvåpenet til Las Palmas de Gran Canaria

Kallenamn
«Las Palmas»
Styresmakter
Land
Autonom region
Provinsar
Flag of Spain.svg Spania
Kanariøyane
Las Palmas
Grunnlagd 24. juni 1478
Borgarmeister Augusto Hidalgo (i 2018)[1]
Geografi
Flatevidd
 - By

100,55 km²
Innbyggjarar
 - By (2017)
   - folketettleik

377 650[2]
  3790/km²
Høgd over havet 8 m
Tidssone
- Ved sommartid
WET (UTC+0)
WEST (UTC+1)
Plassering
Plassering av  Las Palmas de Gran Canaria

Las Palmas de Gran Canaria, òg berre kalla Las Palmas, er regionshovudstad (i lag med Santa Cruz), ein kommune, og den største byen på Kanariøyane. Byen ligg nordaust på Gran Canaria, om lag 150 km utanfor nordvestkysten av Afrika[3] i Atlanterhavet. Nabokommunane er Arucas, Santa Brígida og Telde. Hamna heiter Puerto de la Luz.

Innbyggjartalet er (per 2017) 377 650. Byen er (per 2017) del av det femte største storbyområdet i Spania med om lag 700 000 innbyggjarar.[4] Per 2010 var Las Palmas den niande største spanske byen. Av byar i Den europeiske unionen som ikkje ligg i Europa, er Las Palmas den største.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Las Palmas vart grunnlagd 24. juni 1478 som Real de Las Palmas av Juan Rejón, leiaren for den kastiljanske armeen som invaderte øyane og gjekk til krig mot dei lokale guanchane (innfødde på Kanariøyane). I 1492 kom Kristoffer Columbus til byen og var her ei stund før han reiste vidare på den første reisa til Amerika. Han stoppa her òg på veg attende til Spania.

Det gamle fengselet Barranco Seco

I 1927 vart byen den andre hovudstaden på Kanariøyane. Før den tid var berre Santa Cruz de Tenerife hovusdstad.[5][6]

Hamna, Puerto de la Luz, fekk auka betydning på 1970-talet og tidleg på 1990-talet då Suezkanalen var lukka på grunn av Midtausten-konflikten.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Las Palmas har eit subtropisk klima med sommarlege temperaturar året rundt.

Demografi[endre | endre wikiteksten]

Innbyggjartalet er (per 2017) 377 650.

Nær halvparten (45,9 %) av innbyggjarane på øya Gran Canaria og 18,35 % av innbyggjarane på Kanariøyane bur (per 2008) i byen.

Organisering[endre | endre wikiteksten]

Inndelinga av Las Palmas er (per 2018):

Strender[endre | endre wikiteksten]

Her finst fem strender (Las Canteras, Las Alcaravaneras, San Cristobal, El Confital og La Laja).

Festdagar[endre | endre wikiteksten]

Det årlege karnivalet i Las Palmas de Gran Canaria[8] er ein av dei største attraksjonane i byen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Las Palmas de Gran Canaria

Kjelder[endre | endre wikiteksten]