Santa Lucía de Tirajana

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Santa Lucía de Tirajana
Church in santa lucia de tirajana.JPG
Styresmakter
Land
Region
Provins
Flag of Spain.svg Spania
Kanariøyane
Las Palmas
Borgarmeister Silverio Matos
Geografi
Flatevidd
 - By

61.56 km²
Innbyggjarar
 - By (2008)

61325
Høgd over havet 680 m
Diverse anna
Nettstad: www.santaluciagc.com
Plassering
Plassering av Santa Lucía de Tirajana

Santa Lucía de Tirajana er ein kommune søraust på øya Gran Canaria i Las PalmasKanariøyane i Spania. Santa Lucía de Tirajana er ein forstad til Las Palmas de Gran Canaria med kring 60 000 innbyggjarar. Santa Lucía de Tirajana ligg i fjella og dalområda søraust på øya med store grøne skogar. I nord ligg meir aude landområde, medan jordbruksområde og byområdet ligg i søraust. Hovudnæringane er jordbruk og turisme.

Kultrminne[endre | endre wikiteksten]

La Fortaleza

Den arkhaeologiske funnstaden La Fortaleza er rekna som ein eigedom av kulturell interesse. Dette er eit vulkansk byggverk med ei rekkje holer brukte av innfødde til bustader og gravleggingar.

Kommunen har ni vassmøller frå 1800-talet, bygde på elva Riego de la Zarcilla. Mange av dei var i drift fram til 1970-åra. Deretter forfall mange av dei. To møller som blei brukte til å laga olivenolje og gofio (rista maismjøl ein ofte rører oppi kaffi) blei erklærte eigedommar av kulturell interesse i 2003. Olivenoljemølla blei privat restaurert i 2004. Styresmaktene på Gran Canaria reparerte gofio-mølla i 2003.[1]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. José Mercado Soria, Antonio Toledo de León and Juan Manuel Febles Suárez, arquitectos; Jordi Noguera López, diseñador industrial. Rehabilitación del Molino de Gofio en El Valle y del Sendero de los Molinos en El Riego de la Heredad de La Zarcilla (Santa Lucía de Tirajana). Boletín de Patrimonio Histórico, 2004, nr. 2, s. 32-36.