Laukurt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Laukurt

Alliaria petiolata1.jpg

Vitskapleg namn
Alliaria petiolata
Utbreiing
Habitat: skogkantar, kratt, vegkantar, hagar
Utbreiing: Europa, Vest-Asia, Nord-Afrika; forvilla i Nord-Amerika
Systematikk
Orden: Brassicales
Familie: Brassicaceae
Slekt: Alliaria

Laukurt er ein toårig plante i krossblomfamilien. Han kan bli 20–100 cm høg og har opprett stengel og tynne, glatte og hjerteforma blad. Blomane er små og kvite med lange skulper. Heile planten har ei sterk lauklukt. Han kan etast, og har smak av lauk og sennep.

Laukurt kan veksa på steinete stader, i småkratt, skogskant og andre skuggefulle stader. Planten føretrekk næringsrik, kalkhaldig jord.[1] Ein kan finna han i skogar, hagar og parkar.[2]

Bruk og utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Laukurt er ein av dei eldste plantane ein har kjennskap til blei brukt til matlaging i Europa. Prov for dette er i arkeologisk funn frå Baltikum, datert til 6100-5750 før notida.[3] Blada kan brukast hakka til å smaksetja salatar eller sausar som pesto. Blomar og frukt kan også brukast, og i fransk tradisjon finst det døme på bruk av frø til smaksetjing.[4] Urten har også vore brukt i plantemedisin[1] til desinfeksjon, vassdrivande middel og i nokre høve for å lega sår.[4]

Laukurt blei innført som nytteplante til Nord-Amerika, og blei først skildra her på 1800-talet. I mange område er planten no rekna som ein invasiv art som har fortrengd fleire lokale plantar og er giftig for fleire sommarfuglar.[5]

Laukurt finst naturleg i store delar av Europa og i Nord-Afrika og vestlege Asia til Himalaya. I Noreg finst laukurt i kyststrøk frå Oslo til Nordland.[2]

Bilde[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Alliaria petiolata - (M.Bieb.)Cavara.&Grande.», pfaf.org
  2. 2,0 2,1 «Løkurt» (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Fri artikkel henta 2. mai 2015.
  3. Saul, Hayley; Madella M; Fischer A; Glykou A; Hartz S (21 August 2013). «Phytoliths in Pottery Reveal the Use of Spice in European Prehistoric Cuisine». PLOS ONE (PLOS). ISSN 1932-6203. doi:10.1371/journal.pone.0070583. Henta 22 August 2013. 
  4. 4,0 4,1 Gualtiero Simonetti (1990). Stanley Schuler, red. Simon & Schuster's Guide to Herbs and Spices. Simon & Schuster, Inc. ISBN 0-671-73489-X. 
  5. «Garlic Mustard», nps.gov

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]