Laurence Fishburne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Laurence Fishburne

Fishburne in September 2009
Verkeleg namn Laurence John Fishburne III
Statsborgarskap USA
Fødd 30. juli 1961 (62 år)
Augusta, Georgia i USA
Yrke Skodespelar, filmregissør, filmprodusent, manusforfattar
Aktive år 1972 til i dag
Språk engelsk
Medlem av American Academy of Arts and Sciences
Ektefelle Gina Torres
Nettstad www.laurence-fishburne.com
Laurence Fishburne på Commons

Laurence John Fishburne III[1] (fødd 30. juli 1961) er ein USA-amerikansk skodespelar, manusforfattar, regissør og produsent. Han er kanskje mest kjend for rollene som Morpheus i The Matrix-trilogien, Jason «Furious» Styles i dramafilmen Boyz n the Hood frå 1991 og Tyrone «Mr. Clean» Miller i krigsfilmen Apocalypse Now i 1991.

Fishburne vart den første afroamerikanske skodespelaren som spelte Othello i ein kinofilm frå eit stort studio, då han spelte i Oliver Parker sin versjon av filmen frå 1995 av Shakespeare sitt skodespel. For rolla si som Ike Turner i What's Love Got to Do With It vart han nominert til Oscarprisen for beste skodespelar. Han vann ein Tony Award for beste skodespelar i eit skodespel for rolla si i Two Trains Running (1992) og Emmyprisen for beste gjeseskodespelar i ein dramaserie for rolla si i TriBeCa (1993).

Fishburne har spelt i fleire kult-klassikarar som Deep Cover og King of New York. Frå 2008 til 2011 spelte han Dr. Raymond Langston i dramaserien CSI: Crime Scene Investigation og frå 2013 til 2015 spelte han spesialagent Jack Crawford i thrillerserien Hannibal.


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Laurence Fishburne». Encyclopædia Britannica. Encyclopædia Britannica Online. 2008. Henta 16. mai 2016. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]