Lauritz Johnsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Lauritz Johnsen
Fødd 16. desember 1831
Glemmen
Død

18. februar 1908
Glemmen

Yrke bonde, politikar

Lauritz Johnsen (16. desember 183118. februar 1908) var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Glemmen i Østfold.

Johnsen var son til ein gardbrukar. Frå 1851 var han sjølv gardbrukar på farsgarden Lisleby. Han var medlem av heradsstyret frå 1858 til -98, ordførar i periodane 1864-76 og 1880-98. Elles var han presten sin medhjelpar i 30 år og forlikskommissær 1860-1905. Han var også medlem av amtsutvalet og av tilsynskomiteen for amtssjukehuset, og revisor i ti år for overformynderiet.

Johnsen møtte på Stortinget første gongen frå 22. mars 1872 og heile 1873-sesjonen som 1. varamann for Smaalenenes amt. Han møtte i staden for avdøde Johan Widding og fekk sete i militærkomiteen. Stortingsperioden 1880-82 og på omframstortinget var han 4. representant frå amtet, var då medlem protokollkomiteen.

Johnsen døydde på slektsgarden Lisleby i 1908.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]