Lausmasse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Lausmasse, lausavleiring eller lausmateriale er sediment som grus, sand, leire, torv, morene- og forvitringsjord som ligg oppå den faste berggrunnen. Over lang geologisk tid vil lausmassane verte til bergartar, så alderen på lausmassane er difor som regel låg.

Nesten all lausmasse i Noreg er danna i siste delen av kvartær eller i nyare tid. Dei eldre lausmassane i Noreg vart fjerna under istidene. Bergartane i Noreg er stort sett gamle og harde, så lausmassane skil seg tydeleg frå berggrunnen. I område som ikkje vart råka av nedisinga lenger sør i verda er det ofte ein jamn overgang frå fast berggrunn til lausmassane over.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]