Lauvsnes
Hopp til navigering
Hopp til søk
Denne geografiartikkelen som har med Trøndelag å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
Lauvsnes | |
tettstad | |
Rorbuer i Lauvsnes
Foto: Arsenikk | |
Land | ![]() |
---|---|
Fylke | Trøndelag |
Kommune | Flatanger |
Areal | 0,53 km² |
Folketal | 442 (2017) |
Folketettleik | 834 / km² |
Postnummer | 7770 FLATANGER |
Lauvsnes er ein tettstad i Flatanger kommune i Trøndelag fylke. Staden har 442 innbyggjarar per 1. januar 2017 og er administrasjonssenter i kommunen.
Lauvsnes har eit allsidigt næringsliv med jordbruk, industri, fiskeoppdrett, handel, turisme og ulike offentlege tilbod innan helse, omsorg og skulevesen.
Flaumen i januar 2006[endre | endre wikiteksten]
I januar 2006 held delar av staden på å verte teken av ein storflaum i Lauvsneselva, som er regulert. Vatnet rann over dammen i Lauvsnesvatnet og fossa nedetter elva. Eit hus vart teke av vassmassane og ført på havet. To bruer vart knuste. Vass- og avlaupsnettet vart øydelagd og samfunnshuset vart nær rive ned i elva då elva grov ut under skrenten det stod på. Ei rekkje personar vart evakuerte frå heimane sine.[treng kjelde]
Sjå òg[endre | endre wikiteksten]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Lauvsnes» frå Wikipedia på bokmål, den 17. september 2008.
