Leah Kunkel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Leah Kunkel
Fødd15. juni 1948 (71 år)
FødestadBaltimore i Maryland i USA
FødenamnLeah Cohen
OpphavUSA
AktivSidan 1968
Sjanger
Instrumentvokal
Tilknytte artistar
PlateselskapDunhill
Verka somSongar, låtskrivar, advokat

Leah Kunkel (fødd 15. juni 1948 som Leah Cohen) er ein USA-amerikansk songar, låtskrivar og advokat.

Ho er den yngre systera til Cass Elliot frå folkrockgruppa The Mamas & the Papas.[1] I 1968 gifta ho seg med den amerikanske trommeslagare og produsenten Russ Kunkel.[1] Kunkel spelte inn det første albumet sitt, Billy, under artistnamnet Cotton Candy.[1] Ho har spelt med ei rekkje andre musikarar som songar og låtskrivar, som Jackson Browne, Stephen Bishop, Carly Simon og Arlo Guthrie, James Taylor og Art Garfunkel.

I 1980 slo Kunkel seg saman med Marty Gwinn Townsend og skipa Coyote Sisters.[2]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Soloalbum[endre | endre wikiteksten]

  • Leah Kunkel (1979) Columbia Records
  • I Run With Trouble (1980) Columbia Records

Med The Coyote Sisters[endre | endre wikiteksten]

  • The Coyote Sisters av The Coyote Sisters (1984)
  • Women And Other Visions av The Coyote Sisters (2001)

Som gjestevokalist[endre | endre wikiteksten]

Kunkel har sunge korvokal på følgjande album:[3]

  • Jackson Browne av Jackson Browne (1972) på «From Silver Lake»
  • Careless av Stephen Bishop (1976) på «Rock and Roll Slave»
  • Another Passenger av Carly Simon (1976) på «In Times When My Head»
  • Amigo av Arlo Guthrie (1976)
  • JT av James Taylor (1977) på «Handy Man»
  • Watermark av Art Garfunkel (1977)
  • Bish av Stephen Bishop (1978)
  • Craig Fuller / Eric Kaz av Craig Fuller og Eric Kaz (1978) på «'Til You Come Back» og to andre songar
  • Fate for Breakfast av Art Garfunkel (1979)
  • An American Dream av The Dirt Band (1979) på «Dance the Night Away» og ein annan song
  • Scissors Cut av Art Garfunkel (1981)
  • Power of Love av Arlo Guthrie (1981) på «If I Could Only Touch Your Life» og ein annan song
  • Angel Heart av Jimmy Webb (1982)
  • Walk On av Karen Brooks (1982) på «Any One Who Had A Heart» og ein annan song
  • Creationland av Jonathan Stevens (1987) på «Of Time and the River»
  • Life is Good av Livingston Taylor (1988) på «Loving Arms»
  • Lefty av Art Garfunkel (1988)
  • The Way In av Jeff Richman (1992) på «Sledgehammer» og ein annan song
  • Suspending Disbelief av Jimmy Webb (1993)
  • Soul & Inspiration av Barry Mann (2000) på «Here You Come Again»
  • Across the Landscape av Steve Yanek (2005) på «Dance With You» og åtte songar til
  • Dave Mason & Cass Elliot av Dave Mason and Cass Elliot (2008)
  • Sleeping with Girls av Stephen Bishop (2010)
  • Wisdom av The Susan Angeletti Band (2011)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «Leah Kunkel». AllMusic. Henta 22. januar 2019. 
  2. «About Us». The Coyote Sisters. Henta 22. januar 2019. 
  3. «Leah Kunkel». Discogs. Henta 22. januar 2019. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]