Art Garfunkel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Art Garfunkel

Fødd5. november 1941 (82 år)
New York City i USA
FødestadForest Hills
FødenamnArthur Ira Garfunkel
OpphavUSA
Aktiv1956 til i dag
SjangerFolkrock, softrock, rock, pop
InstrumentVokal, gitar, piano
StemmetypeTenor, kontratenor, baryton
Tilknytte artistarSimon & Garfunkel
PlateselskapColumbia Records
Atco Records
Verka somMusikar, låtskrivar, skodespelar, diktar
Gift medKim Garfunkel
BornArt Garfunkel Jr.

Arthur Ira «Art» Garfunkel (fødd 5. november 1941) er ein amerikansk songar, diktar og skodespelar, best kjend som eine halvdelen i viseduoen Simon & Garfunkel. Han er særleg kjend for førstestemma på hitsingelen «Bridge Over Troubled Water». I gjennom solokarrieren sin har han i USA hatt ein hit på Topp 10, tre på Topp 20 og seks på Topp 30. I tillegg har han hatt to førsteplassar i Storbritannia.

Gjennom solokarriera og i lag med Paul Simon har han fått fem Grammy-prisar, mellom anna Lifetime Achievement Award.[1] I 1994 vart han innlemma i Rock and Roll Hall of Fame.

Etter Simon & Garfunkel prøvde Garfunkel seg først med ei filmkarriere tidleg på 1970-talet med roller to av filmane til Mike Nichols, Catch-22 (1970) og Kjødets lyst (Carnal Knowledge, 1971). Han la så ut på ei musikalsk solokarriere, men han skreiv få songar sjølv, og trass i den spesielle stemma hans og enkelte heldige augneblink, selde han skuffande. I 1981 vart han gjenforeint med Paul Simon for ein konsert i Central Park i New York og konsertalbumet The Concert in Central Park og så ein verdsturne. Dei gjekk igjen kvar sine vegar resten av 80-talet før dei har spelt sporadisk i lag utover 90-åra og 2000-talet.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • Angel Clare (1973)
  • Breakaway (1975)
  • Watermark (1977)
  • Fate for Breakfast (1979)
  • Scissors Cut (1981)
  • The Art Garfunkel Album (samleplate) (1984)
  • The Animals Christmas Album (saman med Amy Grant) (1986)
  • Lefty (1988)
  • Garfunkel (1989) (samleplate)
  • Up 'til Now (1993)
  • Across America (live) (1997)
  • Songs from a Parent to a Child (1997)
  • Everything Waits to Be Noticed (2002)
  • Some Enchanted Evening (2007)

Filmer[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Grammy Award Winners». Grammy.com. Henta 4. november 2010. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]