Jackson Browne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jackson Browne
Jackson Browne 2008 (2).jpg
Browne i 2008
Verkeleg namn Clyde Jackson Browne
Opphav Los Angeles i California i USA
Fødd 9. oktober 1948 (69 år)
Heidelberg i Vest-Tyskland
Sjanger Rock, folk, countryrock, softrock
Aktive år 1966 til i dag
Yrke Songar-låtskrivar, musikar, politisk aktivist
Tilknytte artistar Warren Zevon, Eagles, David Lindley, Waddy Wachtel, Bonnie Raitt, Clarence Clemons, David Crosby, Graham Nash, Neil Young, Linda Ronstadt, Joan Baez, Nitty Gritty Dirt Band, Bruce Springsteen, Little Steven, Dawes, Roy Orbison, the Chieftains.
Plateselskap Elektra, Adrenaline Music Group, Inside, Asylum
Nettstad www.jacksonbrowne.com

Clyde Jackson Browne (fødd 9. oktober 1948) er ein USA-amerikansk songar-låtskrivar og musikar som har seld over 18 millionar album i USA.[1] Han slo gjennom i 1970-åra og har skrive og spelt inn songar som «These Days», «The Pretender», «Running on Empty», «Lawyers in Love», «Doctor My Eyes», «Take It Easy», «For a Rocker» og «Somebody's Baby». I 2004 vart han innlemma i Rock and Roll Hall of Fame.[2]

På mange måtar var Browne kjernen i den sensitive songar-låtskrivar-bølgja i California tidleg i 1970-åra.[3] Berre Joni Mitchell og James Taylor kunne måle seg i forhold til påverknad på andre, men ingen annan artist fanga tidsanda i tida etter 60-åra like godt som Browne.[3] Mykje av musikken hans i 1970-åra var personleg, men klarte likevel å tale til den unge generasjonen på denne tida. Dei sjølvgranskande tekstane hans traff ei nerve, medan den tilbakelente folkrockstilen sette malen for mykje av musikken som kom frå California i 1970-åra.[3] Med dei fire førte albuma sine bygde Browne ein lojal tilhengjarskare som hjelpte han til å slå gjennom for fullt i 1976 med albumet The Pretender. Browne var på høgda av karrieren sin seint i 1970- og tidleg i 1980-åra. Utover i 1980-åra byrja Browne å lage ei rekkje politiske protestalbum, som gjorde at salstala fall, men han fekk eit lite comeback i 1993 med I'm Alive.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Browne vart fødd i Heidelberg i Vest-Tyskland og familien hans flytta til Los Angeles då han var tre år gammal. Då han var tenåring hadde Browne utvikla ei interesse for folkemusikk. Han byrja å spele gitar og skrive songar, medan han song i lokale viseklubbar. Tidleg i 1966 vart han invitert med i Nitty Gritty Dirt Band, som han hadde møtt i visemiljøet i L.A. Han var berre med bandet nokre få månader, men gruppa spelte inn nokre av songane hans på dei to første albuma. Frå starten av 1967 hadde han signert ein forlagsavtale med Nina Music, ein avdeling under Elektra Records. Nina gjorde at Browne fekk songane sine på album av Tom Rush og Steve Noonan i 1968. I 1967 og 1968 budde han i Greenwich Village i New York, der han spelte i bandet til Tim Buckley. Browne byrja òg å arbeide med Nico, som spelte inn tre av songane hans på albumet Chelsea Girl. Då forholdet deira gjekk i oppløysing i 1968, reiste han attende til Los Angeles, der han prøvde å spele inn eit soloalbum utan hell og danne ei visegruppe med Ned Doheney og Jack Wilce. Browne fortsette å spele lokale klubbar og ryktet hans som låtskrivar byrja å vekse, og både Linda Ronstadt og the Byrds spelte inn songane hans. Mot slutten av 1971 signerte han ein avtale med David Geffen sitt Asylum Records.[3]

Jackson Browne kom ut våren 1972, som inneheldt hitsinglene «Doctor My Eyes». Kort tid etter «Doctor My Eyes» nådde topplasseringa, vart «Take It Easy», ein song Browne skreiv i lag med Glenn Frey, gjennombrotshitten til Eagles. Mange av songane frå debutalbumet hans, inkludert «Rock Me on the Water» og «Jamaica Say You Will», og vart visesong-standardar, men sjølve albumet etablerte ikkje Jackson som ei popstjerne, trass i hitsingelen. På det andre albumet hans, For Everyman i 1973, byrja han eit langvarig samarbeid med instrumentalisten David Lindley. For Everyman selde dårleg, men slo godt an hos den vesle tilhengjarskaren hans.[3]

Late for the Sky kom ut hausten 1974 og nådde ut til eit breiare publikum. Det nådde 14. plassen på albumlista i USA og selde til gullplate tidleg i 1975. Den første kona til Browne, Phyllis, tok sjølvmord våren 1976, men i kjølvatnet av denne tragedien spelte Browne inn det kommersielle gjennombrotsalbumet sitt, The Pretender.[3] Albumet klatra til topp 10 på albumlista hausten 1976 og selde til platinaalbum våren 1977. Om sommaren la Browne ut på ein langvarig turné, og spelte inn eit nytt album under turneen. Plata vart Running on Empty (1977), og vart ein større suksess enn føregjengaren, og nådde tredjeplassen på albumlista og inneheldt hitsinglane «Running on Empty» og «Stay/The Load-Out». På høgda av karrieren sin byrja Browne å ta opp politiske og samfunnsmessige saker, mellom anna ein protest mot bruk av atomenergi.

Suksessen til Hold Out i 1980 stadfesta populariteten til Browne. Albumet nådde toppen av albumlista i USA sommaren det året. Sommaren 1982 vart «Somebody's Baby» frå filmmusikken til Fast Times at Ridgemont High den største hitten til Browne, og klatra til sjuandeplassen på den amerikanske singellista. Albumet Laywers in Love vart eit anna hitalbum og var delt mellom kjærleikssongar og politiske protestar, med hitsinglane «Lawyers in Love», «Tender Is the Night» og «For a Rocker». Likevel synte albumet samfunnsmessig medvit som var enno sterkare på albumet Lives in the Balance i 1986. Albumet mangla hitsinglar, men den kraftige fordømminga av Ronald Reagen-tida vann eit publikum. Albumet låg inne på lista i over seks månader og selde til gullplate.

Browne heldt fram å skrive hovudsakleg politiske songar på World in Motion frå 1989, men dette vart det første albumet hans som ikkje selde til gullplate. Browne var roleg dei neste fire åra og arbeidde med forskjellige samfunnssaker og leid av eit smertefullt, offentleg brot med kjærasten, skodespelarinna Daryl Hannah. Han kom eit lite comeback hausten 1993 med albumet I'm Alive. Det bestod av personlege songar og skaffa han dei beste platemelsingane sine slutten av 1970-åra. Plata selde til gullplate, men inneheldt ingen store hittar. Våren 1996 gav Browne ut Looking East, som ikkje fekk den same merksemda som I'm Alive. I 2002 gav han ut The Naked Ride Home. To år seinare kom den doble The Very Best of Jackson Browne, samstundes med at Browne vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame av Bruce Springsteen. På denne tida byrja Browne å turnere med intime, akustiske konsertar verda over. I 2005 kom albuemt Solo Acoustic, Vol. 1 frå desse konsertane. Solo Acoustic, Vol. 2 kom ut i 2008, medan eit album med nye songar, Time the Conqueror, kom ut seinare på året. Våren 2010 kom albumet Love Is Strange, etterfulgt av Live In Milan i 2011. Standing in the Breach kom ut i oktober 2014 og var det første albumet med nytt studiomateriale på seks år.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Jackson Browne
Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Jackson Browne