Lee Woon-jae

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Lee Woon-Jae)
Hopp til navigering Hopp til søk
이운재
Lee Woon-Jae
LeeWJ080413.jpg
Fullt namn Lee Woon-Jae
(koreansk: 이운재)
Fødd 26. april 1973
Cheongju i Sør-Korea
Høgd 182 cm
Posisjon Keeper
Klubbinformasjon
Spelar for Suwon Samsung Bluewings
Draktnummer 1
Ungdomsklubb
1994-95 Sør-Korea Kyunghee University
Klubbar*
År Klubb Kampar (mål)
1996-99
2000-01
2002-
Sør-Korea Suwon Samsung Bluewings
Sør-Korea Gwangju Sangmu
Sør-Korea Suwon Samsung Bluewings
64 (0)
-
191 (0)
Landslag**
1992-96
1994-
Sør-Korea Sør-Korea U23
Sør-Korea Sør-Korea
16 (0)
129 (0)

Klubbkampar og mål i nasjonal liga  
sist oppdatert 1. november 2009.
** Landskampar og mål er
sist oppdatert 3. mars 2010.

Lee Woon-Jae, med revidert transkripsjon I Un-jae (fødd 26. april 1973) er ein sørkoreansk fotballspelar som spelar som keeper for Suwon Samsung Bluewings i K-League i Sør-Korea, og for det sørkoreanske landslaget. Lee vart fødd i Cheongju i Nord-Chungcheong-provinsen.

Lee debuterte i K-League for Suwon Bluewings i 1996. Han spelte over 100 kampar for klubben, før han gjekk til Gwangju Sangmu, som er sportsavdelinga til det sørkoreanske militæret, medan han avtente førstegongstenesta si i to år. I 2002 vende han attende til Suwon og har vore i klubben sidan då. Til saman har han spelt over 200 kampar for klubben.

Lee har spelt for det sørkoreanske landslaget sidan sommar-OL 1992 i Barcelona. Han var med i Sør-Korea sin tropp til fotball-VM i 1994 og var førstekeeper for Sør-Korea under fotball-VM i 2002 og 2006. I 2002 spelte han ei viktig rolle i å få Sør-Korea til ein historisk semifinale, då han redda éin straffe i straffesparkkonkurransen mot Spania i kvartfinalen, slik at Sør-Korea gjekk vidare. Under Asiameisterskapen i 2007 redda han tre straffespark i straffesparkkonkurransar, to mot Iran og éin mot Japan. Under denne meisterskapen var han landslagskaptein.




Denne artikkelen begynte med ei omsetjing frå engelsk wikipedia 12. mars 2010.