Lee Woon-jae
|
| |||
| Personleg informasjon | |||
|---|---|---|---|
| Fullt namn |
Lee Woon-Jae (koreansk: 이운재) | ||
| Fødd | 26. april 1973 | ||
| Fødestad | Cheongju | ||
| Høgd | 182 cm | ||
| Posisjon | Keeper | ||
| Klubbinformasjon | |||
Noverande lag | Suwon Samsung Bluewings | ||
| Nummer | 1 | ||
| Ungdomsklubbar | |||
| 1994-95 |
| ||
| Seniorkarriere* | |||
| År | Lag | Kampar (Mål) | |
| 1996-99 2000-01 2002- |
|
64 (0) - 191 (0) | |
| Landslag | |||
| 1992-96 1994- |
|
16 (0) 129 (0) | |
|
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 1. november 2009 ‡ Landslagsmål oppdatert 3. mars 2010 | |||
Lee Woon-Jae, med revidert transkripsjon I Un-jae (fødd 26. april 1973) er ein sørkoreansk fotballspelar som spelar som keeper for Suwon Samsung Bluewings i K-League i Sør-Korea, og for det sørkoreanske landslaget. Lee vart fødd i Cheongju i Nord-Chungcheong-provinsen.
Lee debuterte i K-League for Suwon Bluewings i 1996. Han spelte over 100 kampar for klubben, før han gjekk til Gwangju Sangmu, som er sportsavdelinga til det sørkoreanske militæret, medan han avtente førstegongstenesta si i to år. I 2002 vende han attende til Suwon og har vore i klubben sidan då. Til saman har han spelt over 200 kampar for klubben.
Lee har spelt for det sørkoreanske landslaget sidan sommar-OL 1992 i Barcelona. Han var med i Sør-Korea sin tropp til fotball-VM i 1994 og var førstekeeper for Sør-Korea under fotball-VM i 2002 og 2006. I 2002 spelte han ei viktig rolle i å få Sør-Korea til ein historisk semifinale, då han redda éin straffe i straffesparkkonkurransen mot Spania i kvartfinalen, slik at Sør-Korea gjekk vidare. Under Asiameisterskapen i 2007 redda han tre straffespark i straffesparkkonkurransar, to mot Iran og éin mot Japan. Under denne meisterskapen var han landslagskaptein.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen begynte med ei omsetjing frå engelsk wikipedia 12. mars 2010.