Leif G.W. Persson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Leif G.W. Persson
Leif GW Persson, Bokmässan 2013 3 (crop).jpg
Leif G.W. Persson på Bokmessa i Göteborg i 2013
Foto: Albin Olsson
Fødd 12. mars 1945
Stockholm
Yrke kriminolog, skribent, manusforfattar, forfattar
Born Malin Persson Giolito
Leif G.W. Persson på Commons

Leif Gustav Willy Persson (fødd 12. mars 1945 i Stockholm) er ein svensk kriminolog og forfattar. Han bruker Leif GW Persson som forfattarnamn.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Persson har undervist ved Stockholms universitet. I 1991 vart han professor i kriminologi. Han er dessutan sakkynding for det svenske justisdepartementet. Han har skrive doktorgradsavhandling og vitskaplege arbeid som særleg gjeld smugling. Han er òg mykje nytta som ekspertkommentator om kriminalitet, lovbrytarar og politiarbeid i svenske media.

I 1978 debuterte han med kriminalromanen Grisfesten, seinare filmatisert som Mannen från Mallorca (1984). Òg romanen Samhällsbärarna er filmatisert, som I namnet til lagen (1986). Han har òg utgjeve ei kokebok, i tillegg til vitskaplege arbeid.

Persson har saman med Jan Guillou skrive manus til tv-seriane Den vita riddaren (1994) og Anna Holt (1996). Frå 2010 til 2018 var han med i SVT-programmet Veckans brott saman med SVT-ankeret Camilla Kvartoft. Siste programmet vart send 13. mars 2018.[1]

Familie og privatliv[endre | endre wikiteksten]

Leif G.W. Persson var 1968–1980 gift med Birgitta Liedstrand (fødd 1944), 1987–2002 med Margareta Jönsson (fødd 1947) og 2003 med siviløkonom Kim Olsson (fødd 1957). Han var i 2017 bosett i Solna kommun[2] og leigde ein gard med jaktmark av hertuginne d'OtranteElghammars slott utanfor Gnesta i Södermanland. [3]

Persson fekk sitt fyrste barn, ein son, då han var 20 år. Han fekk seinare to døtrer i første ekteskap, ei av desse forfattaren Malin Persson Giolito, og ei dotter i andre ekteskapet.

Under lang tid var Leif periodedrankar slik at han stort sett var drukken om sumaren og edru om vinteren.[4][5]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Romanar[endre | endre wikiteksten]

  • Grisfesten (1978)
  • Profitörerna (1979)
  • Samhällsbärarna (1982)
  • Mellan sommarens längtan och vinterns köld (2002)
  • En annan tid, eitt annat liv (2003)
  • Linda – som i Lindamordet (2005)
  • Faller fritt som i ein dröm (2007)
  • Den som dödar draken (2008)
  • Den döende detektiven (2010)
  • Den sanna historia om Pinocchios näsa (2013)
  • Kan man dö två gånger? (2016)

Dei tre bøkane Mellan sommarens längtan och vinterns köld, En annan tid, eitt annat liv og Faller fritt som i en dröm inngår i ein trilogi om mordet på ein svensk statsminister.

Sjølvbiografi[endre | endre wikiteksten]

  • Gustavs grabb (2011)

Jakt- og kokebøker[endre | endre wikiteksten]

  • Grabbarnas kokbok (m. Jan Guillou)
  • Stora Machoboken (m. Jan Guillou og Per Lorenzon)
  • Grabbarnas Presentbok (m. Jan Guillou og Per Lorenzon)
  • Om jakt och Jägare- från Fagerhult till Sibirien (m. Jan Guillou)

Omsetjingar til norsk[endre | endre wikiteksten]

Norsk tittel Utgjeve Omsetjar Originaltittel Utgjeve
Grisefesten 1979 Asbjørn Gimse Grisfesten 1978
Profitørene 1980 Per A. Hartun Profitörerna 1979
Mellom sommerens lengsel og vinterens kulde 2004 Henning Kolstad Mellan sommarens längtan och vinterns köld 2002
En annen tid, et annet liv 2005 Henning Kolstad Ein annan tid, eitt annat liv 2003
Linda - som i Lindadrapet 2007 Henning Kolstad Linda - som i Lindamordet 2005
Faller fritt som i en drøm 2010 Henning Kolstad Fell fritt som i ein dröm 2007
Den som dreper dragen 2010 Monica Karlsen Den som dödar draken 2008
Den døende detektiven 2011 Henning Kolstad Den döende detektiven 2010
Bombemakeren og kvinnen hans 2016 Henning Kolstad Bombmakaren och hans kvinna 2015

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

  • Svenska Deckarakademins pris för bästa svenska kriminalroman 1982, for Samhällsbärarna
  • Glasnøkkelen 2011, for Den döende detektiven
  • Palle Rosenkrantz-prisen 2011, for Den döende detektiven

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. https://www.expressen.se/noje/camilla-kvartoft-om-leif-gw-persson/
  2. http://www.expressen.se/nyheter/leif-gw-om-pengarna-han-tjanar-ger-bort/ Leif GW om pengarna han tjänar: "Ger bort"], Expressen, 19. januar 2014
  3. http://www.expressen.se/nyheter/prinsessbrollopet/har-ar-de-utvalda-brollopsgasterna/ Här är de utvalda bröllopsgästerna], Expressen, 8. juni 2013
  4. https://www.expressen.se/noje/gw-om-angesten-och-alkoholen/
  5. https://www.expressen.se/noje/camilla-kvartofts-besked-om-leif-gw/
Broom icon.svg Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]