Leif Johan Sevland
Utsjånad
| Leif Johan Sevland | |||
| Leif Johan Sevland i 2010. Foto: Jarle Vines | |||
| Fødd | 13. september 1961 (64 år) Avaldsnes | ||
|---|---|---|---|
| Statsborgar av | Noreg | ||
| Parti | Høgre | ||
| Yrke | politikar, næringslivsleiar | ||
| Utdanna ved | Universitetet i Stavanger | ||
| Verv | Ordførar i Stavanger 1995–2011 | ||
| Føregangar | Leif Måsvær | ||
| Etterfylgjar | Christine Sagen Helgø | ||
| Verv | Leiar av Rogaland Høgre 1994–1998 | ||
| Føregangar | Kjell Arholm | ||
| Etterfylgjar | Janne Johnsen | ||
| Alle verv | |||
Leif Johan Sevland (fødd 13. september 1961) på Avaldsnes på Karmøy var ordførar i Stavanger frå oktober 1995 til 2011. Han vart attvald ved vala i 1999], 2003 og 2007. Han representerer Høgre. Han har spesielt vore næringspolitisk engasjert og har sagy at kommunen har eit særskilt ansvar for å leggja til rette for næringsaktivitet i området.
Leif Johan Sevland har utdanninga si frå Rogaland distriktshøyskole, samfunnsfagleg studieretning. I åra frå 1988 til 1994 arbeidde han ved Forus Travbane, der han var dagleg leiar frå 1989. Han er gift med Anne Selnes.