Hopp til innhald

Leif Ofstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Leif Ofstad
NasjonalitetNorsk
Fødd20. mars 1915
Geitastrand
Død

22. desember 2011 (96 år)
i Trondheim

YrkeLærar
Periode1978-2009
DebutEn salighet å vinne

Leif Ofstad (fødd 20. mars 1915 Geitastrand, død 20. desember 2011 i Trondheim) var ein norsk lærar, salmediktar og lyrikar.[1][2]

Ofstad gjekk lærarskulen i Tromsø og arbeidde som lærar fleire stader kring Trondheimsfjorden.[2] Av musikkutdanning hadde han eit års vidareutdanning ved Trondheim musikkskole.[2] I heimbygda fungerte han ei tid også som organist. I mange år var han lærar ved Lilleby skole i Trondheim. Ofstad debuterte som forfattar med diktsamlinga En salighet å vinne i 1978 og gav sidan ut tre samlingar til.

  • 1978 En salighet å vinne Diktsamling
  • 1980 Gå i glede Diktsamling
  • 2003 Ljos i skuggefallet Diktsamling
  • 2009 Den gode del : salmer & viser i ny og ne Diktsamling

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. Pål Ove Lilleberg (23. desember 2011). ««Leif Ofstad til minne»». orkdalsmenighetene.no. Henta 24. februar 2013.
  2. 1 2 3 Ola Garli (11. februar 2004). ««Møte med Leif Ofstad. Heller dikt enn tale»». orkdalsmenighetene.no. Henta 24. februar 2013.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]