Lemuralia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Lemuralia eller lemuria var ei romersk høgtid der ein utførte ritual for å kasta ut vondskapsfulle og farlege skrømt frå heimar. Slike kvilelause skrømt var kjende som lemures eller larvae,[1] og ein kunne blidgjera dei ved å ofra bønner.

Høgtida fall på 9., 11. og 13. mai i den julianske kalenderen. Desse dagane tilreidde vestalinnene mola salsa, ei salt mjølkake, frå den første innhausta kveiten. Ovid fortel om eit rituale der husbonden vakna opp ved midnatt og gjekk barføtt rundt huset medan han kasta svarte bønner over skuldera og sa fram eit formular. Ovid forklarte at markeringa var blitt grunnlagd av Romulus for å blidgjera ånda til broren Remus.[2]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. "they do not occur in epitaphs or higher poetry," George Thaniel noted (in "Lemures and Larvae" The American Journal of Philology 94.2 [Summer 1973, pp. 182-187] p 182) remarking "The ordinary appellation for the dead in late Republican and early Imperial times was Manes or Di Manes, although frequent use was also made of such terms as umbrae, immagines, species and others." He notes the first appearance of lemures in Horace, Epistles ii.2.209.
  2. Ovid, Fasti, V.421ff; Porphyrius).