Vestalinne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Romersk statue av ei virgo vestalis maxima, vestalinne-leiaren.

Vestalinne (latin vestales, virgines vestales) var ein prest for gudinna Vesta i Roma i antikken. Vestalinnene var unge kvinner som avla løfte om å vera kyske medan dei tente i Vesta-tempelet.[1]

Dei heldt den heilage elden på altaret brennande i tempelet på Forum Romanum. Gjekk elden ut, ville det varsla Roma sin undergang. Seks vestalinner tente i tempelet om gongen.[1] I førstninga var dei berre to, seinare var dei fire.[2] Dei budde i Atrium Vestœ ved sida av tempelet.[3]

Innviing av ei ny vestalinne. Måleri frå 1700-talet av Alessandro Marchesini.

Vestalinnene kom gjerne frå dei fremste familiane i Roma, og hadde ei høg stilling i samfunnet som prestinner. Dei byrja tenestetida si då dei var 6-10 år, og blei verande i tempelet i 30 år.[1] Dei første 10 åra fekk dei opplæring som noviser, så blei dei prestinner. Når tenestetida var slutt, gjekk dei ut og kunne gifta seg. Dette verker det likevel å ha vore få som gjorde.[3]

Pontifex maximus valde ut nye vestalinner gjennom loddtrekking.[3] Han var den einaste mannen som kunne gå inn i tempelet, og hadde farsmynde over vestalinnene.[1] Dersom ei vestalinne braut løftet om å vera kysk blei ho straffa ved å gravleggjast levande.[1] Ei vestalinne kunne òg bli straffa for å la elden sløkka, ettersom dette ville seia at gudinna for årestaden hadde trekt tilbake vernet sitt av byen. Straffa for dette var slåing eller pisking, visstnok i mørkret gjennom eit forheng for å ikkje fornærma blygda til vestalinna.[4]

Vestalinnekulten gjekk truleg tilbake i løpet av 300-talet.[5] I 394 blei han avskaffa av keisar Theodosius I i kampen hans mot heidenskap i det no kristne Romarriket.[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 «Vestalinne» i Store norske leksikon, snl.no.
  2. Plutarch. Life of Numa. Sett om av Langhorne. 
  3. 3,0 3,1 3,2 Vestaler i Nordisk familjebok (2:a upplagan, 1921)
  4. Culham, Phyllis (2014). Flower, Harriet I., red. The Cambridge Companion to the Roman Republic (2nd utg.). Cambridge University Press. s. 143. ISBN 9781107669420. 
  5. Vesta". Encyclopædia Britannica, 11. utg. (1910–1911) ved Internet Archive.
  6. «Vestal Virgins | Roman religion», Encyclopedia Britannica (på engelsk), henta 22. oktober 2019 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]