Lena Horne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Lena Horne
Lena Horne in Till the Clouds Roll By 2.jpg
Lena Horne i filmen Till Clouds Roll By frå 1946.
Fødd30. juni 1917
FødestadNew York by
Død5. mai 2010
DødsstadNew York by
OpphavUSA
Sjangerpopstandardard, pop, jazz, vokaljazz
Instrumentvokal
PlateselskapBlue Note Records, MGM Records, RCA Records, RCA Corporation, Qwest Records, Warner Bros. Records, Decca Records
Verka somskodespelar, dansar, jazzmusikar, pinup, musikar, songar, teaterskodespelar, fjernsynsskodespelar, filmskodespelar
Gift medLennie Hayton
BornGail Buckley
PrisarGrammy Lifetime Achievement Award, Grammy Award for Best Country Collaboration with Vocals, Drama Desk Award for Outstanding Actress in a Musical, Æres-Tony, NAACP Image Award – Hall of Fame Award, Kennedy Center Honors, Grammy Award for Best Jazz Vocal Album, NAACP Image Award for Outstanding Jazz Artist, Grammy Hall of Fame Award, Spingarn-medaljen, Paul Robeson Award

Lena Mary Calhoun Horne (30. juni 19179. mai 2010) var ein amerikansk popsongar og filmskodespelar frå Brooklyn i New York. Ho er kjend for å ha sunge jazz, soul, funk og jazz-rock, og samarbeidde mykje med jazz-musikarar som Artie Shaw, Teddy Wilson, Billy Strayhorn og Duke Ellington). Ho budde i New York by store delar av livet sitt. Horne er venteleg mest kjend for songen «Stormy Weather», som var ein slager i hennar innspeling på 1940-talet.

Tidleg liv og karriere[endre | endre wikiteksten]

Lena Horne fotografert i 1941.
Lena Horne i 1964.

Lena Horne var fødd som Helena Mary Calhoun Horne i Bedford-Stuyvesant i Brooklyn i New York. Far hennar, Edwin «Teddy» Horne, forlét familien då Lena var tre år gamal. Mora, Edna Scottron, var dotter av oppfinnaren Samuel R. Scottron, og jobba som skodespelar med eit afro-amerikansk teaterensemble, noko som gjorde at ho laut reise mykje. Båe foreldra åt Horne var av afrikansk, europeisk og indiansk avstamming. Ho vart for det meste oppdregen av besteforeldra Cora Calhoun og Edwin Horne. Ho reise også ein del med mora i oppveksten, og med onkelen Frank S. Horne, som budde i Georgia.

Horne fekk jobb som dansar ved nattklubben Cotton Club i Harlem, der ho møtte musikarar som Billie Holiday, Cab Calloway og Duke Ellington og låtskrivaren Harold Arlen, som skreiv «Stormy Weather». Ho arbeidde på nattklubbar og Broadway og med Charlie Barnet Orchestra, ei hovudsakleg kvit swinggruppe som ho også turnerte med.

Etter å ha debutert som filmskodespelar i den farga musikalen The Duke is Tops i 1938, vart Horne den fyrste afro-amerikanske utøvande kunstnaren som underteikna ein langtidskontrakt med eit stort Hollywood-studio, nemleg Metro-Goldwyn-Mayer. Ho debuterte hjå dei med filmen Panama Hattie i 1942, og vart vidgjeten i 1943 for framføringa av «Stormy Weather» i filmen med same namn, som ho spela inn hjå 20th Century Fox.

Ho var med i mange MGM-musikalar (til dømes Cabin in the Sky frå 1943), men fekk aldri ei hovudrolle på grunn av rasebakgrunnen hennar. Filmane hennar måtte redigerast før framsyningar i sørstatane, der afro-amerikanske skodespelarar ikkje var tillatne. Dette førte til at Horne mesta aldri fekk berande roller, men måtte spela i musikalske scener som lett kunne redigerast bort, utan at det gjekk ut over plotttet i filmen. Eit unntak frå dette var Cabin in the Sky.

Lena Horne var aktiv i borgarrettsrørsla i USA, og deltok i «Marsjen til Washington» (March on Washington for Jobs and Freedom) i 1963. Som politisk venstreorientert blei ho svartelista i Hollywood, men arbeidde i staden som musikar. Ho hadde mellom anna suksess med innspelinga Lena Horne at The Waldorf Astoria frå 1957.

Tidleg på 1970-talte kom fleire store personlege ulukker for Horne då faren, sonen Edwin og den fråseparerte ektemannen hennar Lennie Hayton døydde i løpet av eitt år. Etter dette trekte ho seg tilbake frå det offentlege i fleire år.

På 1980-talet byrja Horne å opptre att, og hadde suksess med showa Lena Horne: The Lady and Her Music frå 1981 og An Evening with Lena Horne (1994). For albumet An Evening With Lena Horne: Live at the Supper Club (1995) fekk ho Grammy-prisen.

Horne døydde i den 9. mai 2010 i Brooklyn.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]