Hopp til innhald

Lene E. Westerås

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lene E. Westerås
NasjonalitetNorsk
StatsborgarskapNoreg
Fødd9. oktober 1969 (56 år)
YrkeForfattar, omsetjar
Periode2010-
DebutVilja på handletur

Lene E. Westerås (fødd 9. oktober 1969)[1] er ein norsk skjønnlitterær forfattar, omsetjar og sakprosaforfattar.

Ho debuterte i 2010 med biletboka Vilja på handletur[2], og i 2011 kom diktsamlinga Elefantens sorgdeport.

Westerås har teke forfattarstudiet ved Universitetet i Tromsø.[3] Ho er busett i Tromsø.[4] I 2007 og 2008 var ho styreleiar for Nordnorsk Forfatterlag og ho var styreleiar for litteraturfestivalen Ordkalotten frå 2008 til 2010.[4] Frå 2005 til 2010 var ho medredaktør i det litterære tidsskriftet Kuiper[5], som ho også var med og stifta.[4] Ho var styreleiar for foreininga Litteraturhus Nord 2009-2014. Ho har medverka i ei rekkje antologiar[6] og gjendikta poesi av den engelskspråklege indiske forfattaren Anjum Hasan til norsk.[7] Ho var redaktør og medforfattar i Palestinakomiteen si 40-års jubiluemsbok, Med håpet som våpen, i 2009.[8] Dei siste åra har ho jobba mykje i Libanon, i palestinske flyktningleirar med Workshops in Creative Writing.

  • 2010 Vilja på handletur Biletbok, illustrert av Akin Düzakin
  • 2011 Elefantens sorgdepot Diktsamling
  • 2012 Jalvar Yang og den uforunderlige dagen Biletbok, illustrert av Jens Kristensen
  • 2014 Jalvar Yang og elefanten med de røde ørene Biletbok, illustrert av Jens Kristensen

Gjendiktingar

[endre | endre wikiteksten]
  • 2011 Anjum Hasan: Gata på toppen av en ås Gjendikta frå engelsk

Andre bøker

[endre | endre wikiteksten]

2009 Med håpet som våpen Medredaktør og forfattar

2014 Amiras palestinske kjøkken Fotograf, forfattar er Sylvi Inez Liljegren

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. ««Lene E. Westerås»». forfatterkatalogen.no. Henta 3. april 2012.
  2. Linn T. Sunne (30. september 2010). ««Tre bildebokforfatterdebutanter: Vilja på handletur, Søppel og Mormor i speilet»». barnebokkritikk.no. Henta 3. april 2012.
  3. Tore Høgås (26. november 2002). ««Tromsøpoet med Alibi: Lene E. Westerås»». tromsoby.no. Henta 3. april 2012.
  4. 1 2 3 ««Lene E. Westerås»». Nettstaden til forlaget Margbok. Henta 3. april 2012.
  5. Thomas Berg (1. august 2008). ««Alt er collage»». morgenbladet.no. Henta 9. april 2012.
  6. ««Lene E. Westerås»». Litteraturnett Nord-Norge. Henta 3. april 2012.
  7. ««Gata på toppen av en ås»». Nettstaden til forlaget Margbok. Henta 3. april 2012.
  8. ««Med håpet som våpen»». Nettstaden til forlaget Margbok. Henta 9. april 2012.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]