Lengdegradskommisjonen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Lengdegradskommisjonen (engelsk Commissioners for the Discovery of the Longitude at Sea, kjend som The Board of Longitude) var ein britisk statleg kommisjon skipa i 1714 for å styra tildelinga av prisar til dei som kunne løysa problema med å finna lengdegraden til havs. Problemet kunne anten løysast gjennom astronomiske observasjonar, til dømes av månen, eller nøyaktige ur.

Vanskane med å finna rett lengdegrad til sjøs hadde allereie ført til fleire større forlis, som ulukka ved Scilly-øyane i 1707.[1] I 1714 skreiv dronning Anne av Storbritannia under på ein lov, Longitude Act, som utnemnde 24 lengegradskommisjonærar. Desse var framståande personar frå politikk, marine, matematikk og astronomi, og skulle administrera prisane til dei som måtte finna løysingar på problemet.[2] Kommisjonen hadde ikkje formelle møte før minst i 1737, men medlemmer tok for seg og kommenterte forslag kvar for seg tidlegare.[3]

Medlemmar i kommisjonen var mellom anna dei øvste admiralane i den britiske marinen, parlamentspresidenten (Speaker of the Honourable House of Commons), ministrane for handel og for marinen (First Commissioner), leiaren for Royal Society, den kongelege astronomen ved Greenwich-observatoriet og leiande professorar frå Oxford og Cambridge. Ved namn kan ein mellom anna nemna Thomas Herbert, 8th Earl of Pembroke, biskopane Philip Bisse og George Smalridge, Thomas Trevor, baron Trevor og Thomas Hanmer frå grunnlegginga av kommisjonen.

Hovudprisane var:

  • 10 000 pund for ein metode som kunne finna lengdegraden med eit slingringsmonn på opptil ein halv grad (60 nautiske mil, 111 km)
  • 15 000 pund for ein metode kunne finna lengdegraden med eit slingringsmonn på opptil éin grad (40 nautiske mil, 74 km)
  • 20 000 pund for ein metode som kunne finna lengdegraden med eit slingringsmonn på opptil ein tredjedels grad (30 nautiske mil, 56 km).[1]

Kommisjonen kunne også gje prisar til personar som gav viktige bidrag til saka, eller gje økonomisk støtte til dei som arbeidde på ei løysing.[4]

Kronometeret H5 laga av John Harrison.

Fleire personar fekk mindre løyvingar: Urmakaren John Harrison fekk til saman 5000 pund i fleire omgangar medan han arbeidde med å laga ei klokke som gjekk korrekt til havs, 3000 pund til enkja etter Tobias Mayer, som samla inn månedata til tabellar brukt i The Nautical Almanac og mindre løyvingar til Leonhard Euler, Richard Dunthorne, Israel Lyons og andre.

Lengdegradsprisen blei aldri utdelt. Sjølv om John Harison klarte å laga ei løysing, blei han motarbeidd av personar med meir astronomiske og akademiske tilbøyingar, og blei aldri tilkjent hovudprisen frå kommisjonen. I slutten av livet fekk han i staden ei påskjønning direkte frå det britiske parlamentet.[1] Lengdegradskommisjonen blei oppløyst av parlamentet i 1828, då ein rekna lengdegradsprobemet for løyst.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Torp, Ingrid Synnøve, «Kampen om graden», A-magasinet (3. november 2006). PDF ved pegasus-forlag.no.
  2. «Acts of Parliament and awards». Cambridge Digital Library. Henta 22 July 2013. . Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.
  3. «Commissioners of Longitude». Cambridge Digital Library. Henta 22 July 2013. 
  4. Taylor, E.G.R., The Haven-finding Art: A History of Navigation from Odysseus to Captain Cook, Hollis & Carter, London 1971, ISBN 0-370-01347-6. Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]