Greenwich-observatoriet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Koordinatar: 51°28′51.769″N 0°0′13.914″W

Greenwich-observatoriet

Greenwich-observatoriet med tidskula.
ArkitektChristopher Wren
Opna1675
Kart
Greenwich-observatoriet
51°28′40″ N 0°0′5″ W

Greenwich-observatoriet (engelsk Royal Observatory, Greenwich) er eit tidlegare observatorium i Greenwich sør i London i England, kjend for at lengdegraden gjennom hovudakselen på teleskopet i observatoriet har vore nytta som ålmenn nullmeridian sidan 1884.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Observatoriet blei oppretta i 1675 av kong Karl II, som den første bygningen i Storbritannia laga berre med eit vitskapleg føremål. Karl II oppretta også tittelen «Kongeleg astronom» (Astronomer Royal) som direktør ved observatoriet. Sjølve bygget blei oppført av Christopher Wren. Det blei kalla Flamsteed House etter den første kongelege astronomen, John Flamsteed. Observatoriet gjorde astronomiske observasjonar og dreiv med stadig meir presis tidsmåling. Sidan midten av 1900-talet har dei astronomiske observasjonane vore gjort andre stader i England, og Greenwich-observatoriet er i dag museum. Det er ein del av maritime Greenwich som sidan 1997 har vore rekna som verdsarv av UNESCO.

Greenwich-observatoriet ligg på ein bakketopp i Greenwich Park med utsyn over Themsen. Frå 1833 markerte det tidspunktet 13.00 GMT kvart døgn ved at ei raud kule blei senka frå eit spir på taket. Dette kunne brukast av skip på veg ut Themsen til å kalibrera ura sine. Frå 1924 sende observatoriet seks pip, «the pips» eller Greenwich Time Signal, gjennom BBC radio ved byrjinga av kvar time. Pipa blir framleis send på fleire radiostasjonar til visse tider.

I 1960 blei Flamstead House ein del av det nasjonale maritime museet i Storbritannia. Observatoriefunksjonane under namnet Royal Greenwich Observatory eller RGO var då blitt flytte til Herstmonceux Castle i East Sussex på grunn av lysureining i Greenwich. Seinare flytta observatoriet vidare til Cambridge. Då RGO blei lagt ned i 1998, fekk Flamsteed House tilbake observatorium-namnet.

Utstilling[endre | endre wikiteksten]

Greenwich-observatoriet har i dag fleire utstillingar av ur og navigasjonsutstyr. Ein finn mellom anna John Harrison sine banebrytande kronometer her. Observatoriet har òg eit planetarium som opna i 2007.

Greenwich-observatoriet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Greenwich-observatoriet