Leni Kaurin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Leni Kaurin
Leni Larsen Kaurin 2012.jpg
Leni Kaurin i 2012
Fødd 21. mars 1981
Ålesund
Yrke fotballspelar
Leni Kaurin på Commons

Leni Larsen Kaurin (fødd 21. mars 1981) er ein norsk tidlegare fotballspelar frå Ålesund som vann EM-sølv med Noreg i 2013. Ho var elles med å vinne tre NM-gull med Asker SK/Stabæk IF og har vorte seriemeister både i Tyskland og i Noreg.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Kaurin spelte på Fortuna Ålesund i 1998 og til sommaren 1999. Ho melde då overgang til topplaget Asker SK og var aktiv i klubben til 2007, bortsett frå 2004-sesongen då ho spelte på Team Strømmen. Hausten 2007 flytta ho til tyske Turbine Potsdam og vart vinnar av Bundesliga i 2009. Våren 2010 spelte ho nokre kampar på FFC Frankfurt før ho avslutta opphaldet i Tyskland med to sesongar i VfL Wolfsburg. Sommaren 2012 vende ho tilbake til Stabæk IF (Asker SK). Ved sesongslutt i 2013 braut ho med klubben, grunna ein konflikt med trenaren.

Åra 2003-13 deltok Kaurin i 95 landskampar for Noreg og skåra fem mål. Ho var innbytar då Noreg tapte EM-finalen 2013 mot Tyskland med 0-1.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • EM-sølv: 2013
  • Noregsmeister: 2000, 2005 og 2012 med Asker SK/Stabæk IF
  • Tysk seriemeister: 2009 med Turbine Potsdam
  • Norsk seriemeister: 2013 med Stabæk IF

Kjelder[endre | endre wikiteksten]