Fotball-EM 2013

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
På Guldfågeln Arena i Kalmar vann Noreg 1-0 over Tyskland i ein gruppespelkamp etter skåring av Ingvild Isaksen, Tysklands fyrste tap i ein EM-kamp på 20 år
Semifinalen mellom Noreg og Danmark vart spelt på Nya Parken i Norrköping
Finalen vart spelt på Friends Arena i Solna
Tysklands kaptein, målvakta Nadine Angerer, vart kåra til årets spelar i Europa 2013

Europameisterskapen i fotball 2013 var den 11. europameisterskapen i fotball for kvinner. For tredje gong fann meisterskapen stad i Sverige. Tittelforsvarar Tyskland vart europameister etter siger 1-0 over Noreg den 28. juli 2013 i Solna. Det var sjette gong på rad Tyskland vann EM-finalen.

Meisterskapsturneringa vart arrangert i Sverige i tida 10.-28. juli 2013. Kampane vart avvikla på sju ulike stader; Göteborg, Norrköping, Halmstad, Kalmar, Linköping, Växjö og Solna.

Gruppespelet[endre | endre wikiteksten]

Dei tolv kvalifiserte deltakarlanda var delt i tre grupper à fire lag. Omframt vertslandet Sverige deltok Danmark, England, Finland, Frankrike, Island, Italia, Nederland, Noreg, Russland, Spania og Tyskland. Spania var med i sitt fyrste europameisterskap, elles var dei elleve andre deltakarlanda også med i det forrige EM i 2009. Frå gruppespelet til kvartfinalane gjekk dei to beste laga i gruppene og dei to tredjeplasserte med flest poeng, eventuelt målskilnad.

Gruppe A[endre | endre wikiteksten]

# Lag K S U T Mål ± P
1 Flagget til Sverige Sverige 3 2 1 0 9–2 7 7
2 Flagget til Italia Italia 3 1 1 1 3–4 −1 4
3 Flagget til Danmark Danmark 3 0 2 1 3–4 −1 2
4 Flagget til Finland Finland 3 0 2 1 1–6 −5 2
10. juli 2013
Italia Flagget til Italia 0–0 Flagget til Finland Finland Örjans Vall, Halmstad
Tilskodarar: 3 011
Dommar: Teodora Albon (Romania)
Rapport

10. juli 2013
Sverige Flagget til Sverige 1–1 Flagget til Danmark Danmark Gamla Ullevi, Göteborg
Tilskodarar: 16 128
Dommar: Bibiana Steinhaus (Tyskland)
Fischer Skåra i det 35. minutt 35' Rapport Knudsen Skåra i det 26. minutt 26'

13. juli 2013
Italia Flagget til Italia 2–1 Flagget til Danmark Danmark Örjans Vall, Halmstad
Tilskodarar: 2 190
Dommar: Esther Staubli (Sveits)
Gabbiadini Skåra i det 55. minutt 55'
Mauro Skåra i det 60. minutt 60'
Rapport Brogaard Skåra i det 66. minutt 66'

13. juli 2013
Finland Flagget til Finland 0–5 Flagget til Sverige Sverige Gamla Ullevi, Göteborg
Tilskodarar: 16 414
Dommar: Cristina Dorcioman (Romania)
Rapport Fischer Skåra i det 15. minutt 15', 36'
Asllani Skåra i det 38. minutt 38'
Schelin Skåra i det 60. minutt 60', 87'

16. juli 2013
Sverige Flagget til Sverige 3–1 Flagget til Italia Italia Örjans Vall, Halmstad
Tilskodarar: 7 288
Dommar: Katalin Kulcsár (Ungarn)
Manieri Skåra i det 47. minutt 47' (sm.)
Schelin Skåra i det 49. minutt 49'
Öqvist Skåra i det 57. minutt 57'
Rapport Gabbiadini Skåra i det 77. minutt 77'

16. juli 2013
Danmark Flagget til Danmark 1–1 Flagget til Finland Finland Gamla Ullevi, Göteborg
Tilskodarar: 8 360
Dommar: Kateryna Monzul (Ukraina)
Brogaard Skåra i det 29. minutt 29' Rapport Sjölund Skåra i det 87. minutt 87'

Gruppe B[endre | endre wikiteksten]

# Lag K S U T Mål ± P
1 Flagget til Noreg Noreg 3 2 1 0 3–1 2 7
2 Flagget til Tyskland Tyskland 3 1 1 1 3–1 2 4
3 Flagget til Island Island 3 1 1 1 2–4 −2 4
4 Det nederlandske flagget Nederland 3 0 1 2 0–2 −2 1
11. juli 2013
Noreg Flagget til Noreg 1–1 Flagget til Island Island Guldfågeln Arena, Kalmar
Tilskodarar: 3 867
Dommar: Katalin Kulcsár (Ungarn)
Hegland Skåra i det 26. minutt 26' Rapport Viðarsdóttir Skåra i det 87. minutt 87' (str.)

11. juli 2013
Tyskland Flagget til Tyskland 0–0 Det nederlandske flagget Nederland Myresjöhus Arena, Växjö
Tilskodarar: 8 861
Dommar: Silvia Spinelli (Italia)
Rapport

14. juli 2013
Noreg Flagget til Noreg 1–0 Det nederlandske flagget Nederland Guldfågeln Arena, Kalmar
Tilskodarar: 4 256
Dommar: Teodora Albon (Romania)
Gulbrandsen Skåra i det 54. minutt 54' Rapport

14. juli 2013
Island Flagget til Island 0–3 Flagget til Tyskland Tyskland Myresjöhus Arena, Växjö
Tilskodarar: 4 620
Dommar: Kirsi Heikkinen (Finland)
Rapport Lotzen Skåra i det 24. minutt 24'
Okoyino da Mbabi Skåra i det 55. minutt 55', 84'

17. juli 2013
Tyskland Flagget til Tyskland 0–1 Flagget til Noreg Noreg Guldfågeln Arena, Kalmar
Tilskodarar: 10 346
Dommar: Esther Staubli (Sveits)
Rapport Isaksen Skåra i det 45+1. minutt 45+1'

17. juli 2013
Nederland Det nederlandske flagget 0–1 Flagget til Island Island Myresjöhus Arena, Växjö
Tilskodarar: 3 406
Dommar: Cristina Dorcioman (Romania)
Rapport Brynjarsdóttir Skåra i det 30. minutt 30'

Gruppe C[endre | endre wikiteksten]

# Lag K S U T Mål ± P
1 Flagget til Frankrike Frankrike 3 3 0 0 7–1 6 9
2 Flagget til Spania Spania 3 1 1 1 4–4 0 4
3 Flagget til Russland Russland 3 0 2 1 3–5 −2 2
4 Flagget til England England 3 0 1 2 3–7 −4 1
12. juli 2013
Frankrike Flagget til Frankrike 3–1 Flagget til Russland Russland Nya Parken, Norrköping
Tilskodarar: 2 980
Dommar: Jenny Palmqvist (Sverige)
Delie Skåra i det 21. minutt 21', 33'
Le Sommer Skåra i det 67. minutt 67'
Rapport Morozova Skåra i det 84. minutt 84'

12. juli 2013
England Flagget til England 2–3 Flagget til Spania Spania Linköping Arena, Linköping
Tilskodarar: 5 190
Dommar: Kateryna Monzul (Ukraina)
Aluko Skåra i det 8. minutt 8'
Bassett Skåra i det 89. minutt 89'
Rapport Boquete Skåra i det 4. minutt 4'
Hermoso Skåra i det 85. minutt 85'
Putellas Skåra i det 90+3. minutt 90+3'

15. juli 2013
England Flagget til England 1–1 Flagget til Russland Russland Linköping Arena, Linköping
Tilskodarar: 3 629
Dommar: Bibiana Steinhaus (Tyskland)
Duggan Skåra i det 90+2. minutt 90+2' Rapport Korovkina Skåra i det 38. minutt 38'

15. juli 2013
Spania Flagget til Spania 0–1 Flagget til Frankrike Frankrike Nya Parken, Norrköping
Tilskodarar: 5 068
Dommar: Carina Vitulano (Italia)
Rapport Renard Skåra i det 5. minutt 5'

18. juli 2013
Frankrike Flagget til Frankrike 3–0 Flagget til England England Linköping Arena, Linköping
Tilskodarar: 7 332
Dommar: Kirsi Heikkinen (Finland)
Le Sommer Skåra i det 9. minutt 9'
Nécib Skåra i det 62. minutt 62'
Renard Skåra i det 64. minutt 64'
Rapport

18. juli 2013
Russland Flagget til Russland 1–1 Flagget til Spania Spania Nya Parken, Norrköping
Tilskodarar: 2 157
Dommar: Jenny Palmqvist (Sverige)
Terekhova Skåra i det 44. minutt 44' Rapport Boquete Skåra i det 14. minutt 14'

Sluttspelet[endre | endre wikiteksten]

Kvartfinalar[endre | endre wikiteksten]

21. juli 2013
Sverige Flagget til Sverige 4–0 Flagget til Island Island Örjans Vall, Halmstad
Tilskodarar: 7 468
Dommar: Kirsi Heikkinen (Finland)
Hammarström Skåra i det 3. minutt 3'
Öqvist Skåra i det 14. minutt 14'
Schelin Skåra i det 46. minutt 46', 59'
Rapport

21. juli 2013
Italia Flagget til Italia 0–1 Flagget til Tyskland Tyskland Myresjöhus Arena, Växsjö
Tilskodarar: 9 265
Dommar: Katalin Kulcsár (Ungarn
Rapport Laudehr Skåra i det 26. minutt 26'

22. juli 2013
Noreg Flagget til Noreg 3–1 Flagget til Spania Spania Guldfågeln Arena, Kalmar
Tilskodarar: 10 435
Dommar: Bibiana Steinhaus (Tyskland)
Gulbrandsen Skåra i det 24. minutt 24'
Paredes Skåra i det 43. minutt 43' (sm.)
Hegerberg Skåra i det 64. minutt 64'
Rapport Hermoso Skåra i det 90+3. minutt 90+3'

22. juli 2013
Frankrike Flagget til Frankrike 1–1 (e.e.o)
2–4 (str.)
Flagget til Danmark Danmark Arena Linköping, Linköping
Tilskodarar: 7 448
Dommar: Carina Vitulano (Italia)
Necib Skåra i det 71. minutt 71' (str.) Rapport Rasmussen Skåra i det 28. minutt 28'


Semifinalar[endre | endre wikiteksten]

24. juli 2013
Sverige Flagget til Sverige 0–1 Flagget til Tyskland Tyskland Gamla Ullevi, Göteborg
Tilskodarar: 16 608
Dommar: Esther Staubli (Sveits)
Rapport Marozsan Skåra i det 33. minutt 33'

25. juli 2013
Noreg Flagget til Noreg 1–1 (e.e.o)
4–2 (str.)
Flagget til Danmark Danmark Nya Parken, Norrköping
Tilskodarar: 9 260
Dommar: Kateryna Monzul (Ukraina)
Christensen Skåra i det 3. minutt 3' Rapport Gajhede Skåra i det 87. minutt 87'

Finalen[endre | endre wikiteksten]

Finalen mellom Tyskland og Noreg vart spelt på Friends Arena i Solna 28. juli 2013 framfor 41 301 tilskodarar. Dei fekk sjå Tysklands målvakt Nadine Angerer stoppe eit dårleg plassert straffespark frå Trine Rønning i det 29. minutt. Innbytar Anja Mittag vart matchvinnar for Tyskland i det 49. minutt, ettersom Angerer redda eit nytt norsk straffespark då kampen var ein time gammal, denne gongen eit heller svakt skot frå Solveig Gulbrandsen.

Vinnarlaget frå Tyskland mønstra: Nadine Angerer (kaptein), Leonie Maier, Annike Krahn, Saskia Bartusiak, Jennifer Cramer, Nadine Keßler, Lena Goeßling, Lena Lotzen, Dzsenifer Marozsán, Simone Laudehr, Célia Okoyino da Mbabi. Anja Mittag vart bytta inn frå pausen og Bianca Schmidt i det 77. minutt, høvesvis Lotzen og Laudehr var då ferdigspelte.

Noregs lag bestod av: Ingrid Hjelmseth, Maren Mjelde, Trine Rønning, Marit Fiane Christensen, Toril Akerhaugen, Ingvild Stensland (kaptein), Solveig Gulbrandsen, Cathrine Dekkerhus, Caroline Graham Hansen, Ada Hegerberg og Kristine Hegland. Elise Thorsnes, Ingvild Isaksen og Leni Kaurin tok plass i Noregs mannskap frå det 68., 76., og 85. minutt, ut gjekk etter tur Gulbrandsen, Stensland og Christensen.

Dommar var Cristina Dorcioman frå Romania.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]