Hopp til innhald

Leominster

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Leominster
by
Land  England
Region Herefordshire
Folketal 11 954 (2021)[1]
Postnummer HR6
Retningsnummer 0 1568
Kart
Leominster
52°14′00″N 2°44′00″W / 52.233333333333°N 2.7333333333333°W / 52.233333333333; -2.7333333333333
Wikimedia Commons: Leominster

Leominster[a] er ein marknadsby i grevskapet Herefordshire i England. Han har kring 12 000 innbyggjarar[2] og ligg om lag 19 km nord for byen Hereford og 18 km sør for Ludlow. Han er den største av fem byar kring Hereford i grevskapet, og ligg der elva Lugg møter Kenwater.

Milestein med den gamle stavemåten «Lemster», no i Leominster Museum.
The Three Horseshoes i Leominster.
Foto: Colin Smith

Bynamnet er sett saman av det keltiske namnet på staden, Leen, Leon eller Lene, av uklar tyding, og mynster, ei gammalengelsk nemning for eit kloster eller ei kyrkje.[3][4] Det walisiske namnet på byen Llanllienni, kan tolkast som ‘kyrkje mellom flaumane’.[5] Namnet er også blitt stava «Lemster».

Byen voks opp rundt eit angelsaksisk kloster. Kyrkja her blei grunnlagd i 660 av Edfrith, ein munk frå Lindisfarne.[5]

  1. «Parish Profiles». Office for National Statistics. Henta 5. august 2024.
  2. «Neighbourhood Statistics – Area: Leominster (Parish) – Sex, 2021 (QS104EW)». United Kingdom Census 2021. Office for National Statistics. 2011. Arkivert frå originalen 12. januar 2014. Henta 12. januar 2014.
  3. «Key to English Place-names», kepn.nottingham.ac.uk, henta 14. januar 2026
  4. J. & C. Hillaby, Leominster Minster, Priory, and Borough c.660–1539 (Logaston Press, Almeley, Herefs. 2006), 4–5.
  5. 1 2 «Leominster's Story», Leominster Heart & Heritage (på engelsk), henta 14. januar 2026

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Leominster