Leonid Kutsjma

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Leonid Kutsjma
Leonid Kuchma.jpg
Fødd9. august 1938 (83 år)
Tsjajkyne
Statsborgar avSovjetunionen, Ukraina
PartiSovjetunionens kommunistiske parti
Yrkepolitikar, ingeniør
Utdanna vedOles Honchar Dnipro National University
EktefelleLiudmyla Kuchma
BarnOlena Pinchuk

Leonid Danylovytsj Kutsjma (fødd 9. august 1938) er ein ukrainsk politikar frå landsbyen Tsjajkine i Tsjernihiv oblast. Han var frå 19. juli 1994 til 23. januar 2005 den andre presidenten i Ukraina. Tidlegare var han frå oktober 1992 til september 1993 statsminister i landet.

Kutsjma er utdanna ingeniør og arbeidde ved Kosmodrom Bajkonur. På 1980-talet var han med i sentralkomiteen til Ukrainas kommunistparti. Kutsjma vart vald inn i Verkhova Rada (landstinget) i 1990, året etter braut han med kommunistpartiet og var sidan partilaus. Den 13. oktober 1992 vart han utnemnd til statsminister, ein post han hadde i knapt eit år. Hausten 1993 gjekk han av for å delta i presidentvalet i Ukraina. Ved presidentvalet i juni 1994 fekk han 52,4% av røystene og slo dermed den sitjande presidenten, Leonid Kravtsjuk. Kutsjmas fyrste presidentperiode, 1994-99, var prega av økonomisk stagnasjon. Han lukkast verte attvald i 1999, sterkt støtta av eit nettverk av oligarkar og byråkratar (Dnipropetrovsk-klanen). Perioden 1999-2004 møtte Kutsjma sterke skuldnader og masseprotestar, særleg for den omfattande korrupsjonen. Han stod samstundes for ei tilnærming til Russland og Putin-regimet. Kutsjma kunne ikkje attveljast i 2004.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]