Lepsøya i Bjørnafjorden
60°09′20″N 05°23′25″E / 60.15556°N 5.39028°E
Lepsøya | |||
øy | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Bjørnafjorden kommune | ||
Høgaste punkt | 41 moh. | ||
Lepsøya 60°09′31″N 5°23′22″E / 60.15856°N 5.38939°E |
Lepsøya er ei øy vest i Bjørnafjorden kommune i Vestland, mellom Strøno i vest og fastlandet i aust. Det svært smale Blindasundet skil øya frå fastlandet. Ho har vegsamband til fastlandet og til Sunnøya i sørvest. På øya ligg namnegarden med det same namnet. Busetjinga på den sørvestlege delen av øya er ein del av tettstaden Søre Øyane. Her ligg Lepsøy Gartneri og privatskulen Kongshaug Musikkgymnas.
Folketalsutvikling:
1801[1] | 1900[2] | 2000[3] | 2023[3] |
---|---|---|---|
31 | 41 | 1591 | 1981 |
1 Med Brimsholmen
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ Folketeljing 1801 for Os prestegjeld, frå Digitalarkivet
- ↑ Folketeljing 1900 for Os herred, frå Digitalarkivet
- ↑ 3,0 3,1 Befolkning, etter grunnkrets, statistikkvariabel og år, frå Statistisk sentralbyrå