Søre Øyane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Søre Øyane
tettstad
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Vestland
Kommune Bjørnafjorden
Areal 1,04 km²
Folketal 1 030 (2017)
Folketettleik 990 / km²
Postnummer 5216 LEPSØY

Søre Øyane er ein tettstad og en samling øyer sør i Bjørnafjorden kommune mot Bjørnafjorden i Vestland fylke. Tettstaden har 1 030 innbyggjarar per 1. januar 2017. Søre Øyane består hovudsakleg av øyane: Lepsøy, Sundøy, Bruarøy og Røtinga.

På Sundøy ligg Søre Øyane skule og bedrifta Mecmar, som produserer eit avansert og miljøvennleg eksosgassystem til skipsflåten. Bedrifta har blant anna levert eksosgassystem til den svenske marinen sine korvetter (små fregattar), til 27 malaysiske fregatter, og til Den Kongelig Norske Marines MTBer i Skjold-klassen.[treng kjelde]

På Lepsøy ligg Lepsøy Gartneri og privatskulen Kongshaug Musikkgymnas. På Røtinga ligg eit kvitfiskmottak som tar imot fisk frå sjarkfiskarar og mindre fiskebåtar. På Bruarøy finn du lokalbutikk med marina, drivstoff og Post i butikk.

Spire Denne Hordalandartikkelen som har med geografi å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.

Koordinatar: 60°8′43″N 5°22′46″E