Level-5
Level-5 Inc. ( 株式会社レベルファイブ Kabushiki-gaisha Reberu Faibu) er ein uavhengig utviklar og utgjevar av dataspel basert i byen Fukuoka i Japan. Det blei grunnlagd i 1998 av Akihiro Hino.
Av spel har Level-5 mellom anna stått for Dark Cloud-serien for Play Station 2, seriane om Inazuma Eleven og Professor Layton for Nintendo DS, White Knight Chronicles for Play Station 3 og elles spel for Wii, Nintendo 3DS og ROID. Dei har også laga filmar om nokre av spelfigurane.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Level-5» frå Wikipedia på engelsk, den 7. juli 2011.
