Levon Patsjadzjan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Levon Patsjadzjan
Levon Pachajyan.jpg
Personleg informasjon
Fullt namn Levon Patsjadzjan
Fødd 20. september 1983
Fødestad Jerevan
Høgd 171 cm
Posisjon Midtbanespelar
Klubbinformasjon
Noverande lag
Sanat Naft
Nummer 10
Ungdomsklubbar
2001-02
2002-03
Armenia Kotajk Abovjan
Armenia Zvartnots-AAL
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2003-07
2008-09
2009
2009-
Armenia Pjunik
Sverige GAIS
Noreg Fredrikstad (lån)
Iran Sanat Naft
100 (37)
27 (2)
5 (0)
13 (3)
Landslag
2003-05
2004-
Armenia Armenia U21
Armenia Armenia
12 (1)
36 (2)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 7. september 2010
‡ Landslagsmål oppdatert 7. september 2010

Levon Patsjadzjan, armensk Լևոն Պաչաջյան (fødd 20. september 1983 i Jerevan i Armenia) er ein armensk fotballspelar, som spelar på midtbanen for Sanat Naft i den iranske fotballigaen, og for det armenske landslaget.

Patsjadzjan vart seriemeister i Armenia med Pjunik i fem år på rad, frå 2003 til 2007. I 2007 vart han kåra til årets armenske fotballspelar. I 2008 gjekk han over til den svenske klubben GAIS, i Göteborg. I 2009-sesongen var han på lån hjå Fredrikstad i den norske Tippeligaen, der han spelte fem kampar. Same året sa GAIS opp kontrakten hans, og han drog til iransk fotball.

Patsjadzjan debuterte for A-landslaget 18. februar 2004 i ein privatlandskamp mot Ungarn. Han skåra det første landslagsmålet sitt 28. mai 2008 i ein privatlandskamp mot Moldova.