Liber Pontificalis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Liber pontificalis. Utgåve frå 1376 av Albert de Sternberg.

Liber Pontificalis ('Paveboka') er ei samling biografiar om pavane i den katolske kyrkja frå den første, St. Peter, fram til 1400-talet.

Dei eldste utgåvene av boka enda med pave Hadrian II (867–872) eller pave Stefan V (885–891),[1] men ho blei seinare fylt ut med fleire biografiar til og med pave Eugenius IV (1431–1447) og pave Pius II (1458–1464).[2]

Tittelen Liber Pontificalis går tilbake til 1100-talet, men kom først i utbreidd bruk på 1400-talet, og blei den tittelen som blei brukt for trykka utgåver sidan Louis Duchesne gav ut ei akademisk utgåve på 1800-talet. I dei eldste handskrifteneer verket omtalt som Liber episcopalis in quo continentur acta beatorum pontificum Urbis Romae ('episkopal bok som innehelde handlingane til dei signa pavane av byen Roma') og seinare som Gesta eller Chronica pontificum.[1]

Verket inneeold viktig informasjon om den tidlige historia til pavedømet, men mykje av materialet, særleg det om dei første fire hundreåra, er usikkert. Det er gitt ut fleire tekstkritiske utgåver; den siste store av Louis Duchesne i Paris 1886–92. Theodor Mommsen si utgåve frå same periode er ufullstendig. Det finst også seinare utgåver med mindre kritisk apparat, som The Book of Pontiffs av Raymond Davis.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Levillain, Philippe. 2002. The Papacy: An Encyclopedia. Routledge. ISBN 0-415-92228-3. s. 941.
  2. Herbermann, Charles, red. (1913). «Liber Pontificalis». Catholic Encyclopedia. New York: Robert Appleton Company. 
  3. Raymond Davis, The Book of Pontiffs (Liber Pontificalis). University of Liverpool Press, Liverpool 1989. ISBN 0-85323-216-4