Pave Pius II

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Pius II
Pintoricchio 012.jpg
Pius II
DåpsnamnEnea Silvio Piccolomini
Fødd18. oktober 1405
Pienza
Død14. august 1464
Ancona
Føregangar:Callistus III
Etterfylgjar:Paul II

Pave Pius II (18. oktober 140514. august 1464) var pave frå 19. august 1458 til han døydde seks år seinare, i 1464.

Pave Pius II var fødd i Corsignano nær Siena som Enea Silvio Piccolomini. Han var son av patrisiaren Silvio Piccolomini og kona Vittoria Forteguerri.[1] Systera hans Laudomia blei mor til pave Pius III. Som ung hjelpte han faren å driva sleksteigedommen i Corsignano; staden har seinare fått status som by og blitt biskopsete med namnet Pienza (Pius). Atten år gammal byrja han studera ved universitetet i Siena. Etter å ha høyrt Bernardins av Siena preika ville han gå i kloster, men blei frarådd munkelivet av venene sine. Han møtte biskop Capranica av Fermo som var på veg till Baselkonsilet, og fekk teneste hjå han som sekreterær. Han deltok derfor vEd konslet i opposisjonen mot pave Eugenius IV.

Han døydde i Roma eller Ancona.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Biografi ved The Cardinals of the Holy Roman Church