Theodor Mommsen
Theodor Mommsen | |
![]() Theodor Mommsen måla av Ludwig Knaus | |
Nasjonalitet | Tysk |
Fødd | 30. november 1817 Garding i Hertugdømet Slesvig |
Død |
1. november 1903 (85 år) |
Yrke | Historikar |
Ektefelle | Maria Auguste Mommsen |
Born | Karl Mommsen |
Theodor Mommsen på Commons |
Christian Matthias Theodor Mommsen (fødd 30. november 1817 i Garding i Hertugdømet Slesvig, på den tid i personalunion med Danmark, død 1. november 1903 i Berlin-Charlottenburg) var ein tysk historikar som vert rekna som den viktigaste oldtidssforskaren på 1800-talet.
Han skreiv ikkje skjønnlitteratur, men likevel fekk han i 1902 Nobelprisen i litteratur med den begrunninga at han var «den største nolevande meister i historieskrivarkunsten, med spesiell vekt på det monumentale verket hans, Römische Geschichte»[1][2] («romersk historie»). Verket kom ut i tre bind mellom 1854 og 1856 og tok for seg den historia til romarane fram til romarrepublikken enda etter Julius Cæsar. Mommsen sine verk om historia til Romarriket er av grunnleggande betydning sjølv for dagens forskarar.
Mommsen var medlem av den preussiske landdagen og seinare Riksdagen i tre ulike periodar, først for det liberale Fortschrittspartei, seinare for det nasjonalliberale partiet og til slutt for dei såkalla Sezessionisten.
Referansar[endre | endre wikiteksten]
- ↑ «the greatest living master of the art of historical writing, with special reference to his monumental work, A history of Rome»"
- ↑ Nobeltildelinga i 1902
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Theodor Mommsen på tysk Wikisource
- Verk av og om Theodor Mommsen i katalogen til det tyske nasjonalbiblioteket
- Liste over forelesningar ved Universitetet i Leipzig (sommersemestret 1849 til vintersemestret 1850)
- Theodor Mommsen som «Klassiker der Geschichtswissenschaft» Arkivert 2021-12-19 ved Wayback Machine.
- Mommsens Römische Geschichte, Fritt tilgjengelege lydbøker på LibriVox
- Mommsens Römische Geschichte, på Project Gutenberg (tysk og engelsk)
- Römische Geschichte på ei privat webside
- Liste over forelesningar ved Universitetet i Leipzig (sommersemestret 1849 til 1850)
- Heimesida til familien Mommsen