Liberal Democrats

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Liberal Democrats

LandStorbritannia
Partileiar(ar)Nick Clegg[1]
Grunnlagt3. mars 1988
HovudkvarterLondon
Medlemstal98 247 (31. desember 2020)[2]
IdeologiSosialliberalisme, proeuropeisk, liberalisme Sjå dette på Wikidata
Politisk posisjonsentrum-venstre, sentrisme

Liberal Democrats (norsk Liberaldemokratane), ofte forkorta Lib Dems, er eit liberalt politisk parti i Storbritannia. Det vart danna i 1988 ved samanslåinga av det Liberale partiet, som hadde røter tilbake til 1700-talet, og det sosialdemokratiske partiet, som braut ut av det britiske arbeidarpartiet i 1981. Sidan danninga har partiet vore det tredje største i Storbritannia. Det har, sidan parlamentsvalet i mai 2010, 57 parlamentsmedlemer. Leiaren, sidan desember 2007 er Nick Clegg. I 2004 hadde partiet om lag 73 000 medlemer. Internasjonalt er Liberaldemokratane med i Den liberale internasjonale og det Europeiske Liberaldemokratiske- og Reformpartiet, og er soleis eit søsterparti av Venstre i Noreg. Sidan mai 2010 regjerer partiet som det minste partiet i ein koalisjon med Dei konservative.

Det Liberale partiet og det Sosialdemokratiske partiet danna ein valallianse ved parlamentsvala i 1983 og 1987. Denne alliansen fekk i 1983 heile 25,4 % av røystene, men grunna det britiske valsystemet med fleirtalsval fekk dei likevel ikkje meir enn 23 av dei 650 plassane i parlamentet. Underrepresentasjonen av små parti i det britiske politiske systemet vart ein viktig spore for samanslåing av dei to partia, for å gjera dei betre i stand til å ta opp kampen mot dei Konservative og Arbeidarpartiet. Samanslåinga vart gjennomført i 1988, med Paddy Ashdown som første leiar. Han vart i 1999 etterfylgd av Charles Kennedy, som leia partiet fram til han måtte gå av 7. januar 2006 etter å ha innrømt å ha alkoholproblem. Sir Menzies Campbell vart mellombels leiar til ein ny leiar kunne veljast. 2. mars 2006 vart det klart at Campbell hadde vunne leiarvalet, og han held fram som permanent leiar. Campbell gjekk av som leiar i oktober 2007, og 18. desember 2007 vart Nick Clegg vald til ny leiar.

Partiet har så langt ikkje lukkast med å oppnå ein like stor del av røystene ved parlamentsval som alliansen oppnådde i 1983, men har likevel monaleg større parlamentsgruppe no enn dei hadde på 1980-talet. Dette skuldast det britiske valsystemet, som gjer at det er ei føremon å ha stor støtte i nokre kjerneområde. For liberaldemokratane har særleg sørvest-England og Skottland blitt slike kjerneområde. Ved det siste parlamentsvalet, i 2010 fekk partiet 23,0 % av røystene, noko som gav dei 57 parlamentsmedlemer (av 650).

Valår Namn Del av røystene Sete i parlamentet
1983 SDP-Liberal Alliance 25,4% 23
1987 SDP-Liberal Alliance 22,6% 22
1992 Liberal Democrats 17,8% 20
1997 Liberal Democrats 16,8% 46
2001 Liberal Democrats 18,3% 52
2005 Liberal Democrats 22,0% 62
2010 Liberal Democrats 23,0% 57

Liberaldemokratane har hatt større suksess i lokalpolitikk. Ved lokalvala i 2004 fekk dei 29 % av røystene, og vart det nest største partiet. Dei har reint fleirtal i 27 kommunestyre i Storbritannia. I Skottland har dei vore med i ein regjerande koalisjon med Arbeidarpartiet sidan skotsk sjølvstyre vart innført i 1999, og i Wales var dei òg i ein slik koalisjon frå 1999 til 2003.

Liberaldemokratane er eit sosialliberalt parti. Sjølve meiner dei at det ikkje er enkelt å plassera dei på ein høgre-venstre-akse, men tradisjonelt har dei blitt sett som eit sentrumsparti, ein stad mellom dei Konservative og Arbeidarpartiet. På enkelte område vert det sagt at partiet no ligg til venstre òg for Arbeidarpartiet. Liberaldemokratane var det einaste av dei tre store partia som gjekk mot invasjonen av Irak i 2003. Dei har òg vore sterkt kritiske til nye anti-terrorlover som dei meiner innskrenkar personlege fridomar og borgarrettar. Ei anna viktig sak der dei har vore ueinige med Arbeidarpartiet er studiefinansiering - liberaldemokratane meiner universitetsutdanning skal vera gratis for alle. Liberaldemokratane er det klare Europa-partiet i Storbritannia, dei går inn for full og entusiastisk britisk deltaking i integrasjonsprosessane i EU. Dessutan har det alltid vore ei viktig sak for liberaldemokratane å endra det britiske valsystemet, frå fleirtalsval til forholdstalsval, for å få ei fordeling av parlamentssete som betre passar over eins med røystetala ved val.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]