Sosialliberalisme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Sosialliberalisme er ei tankeretning som hevdar at staten aktivt må fremje fridommen for det enkelt menneske. I Noreg reknar Venstre seg som eit sosialliberalt parti.

Sosialliberalismen oppstod som ein reaksjon mot dei sosiale forskjellane som gjennom 1880-talet utvikla seg England. I motsetnad til den klassiske liberalismen går sosialliberalar inn for bruk av regulering og omfordeling. Til skilnad frå sosialdemokratiet og sosialismen legg sosialliberalismen større vekt på liberale løysingar i politiske saker, og ved å vere meir opne for kapitalisme. Det motsette av sosialliberalisme er sosialkonservatisme.

Sosialliberalismen legg stor vekt på fordeling av politisk og økonomisk makt. Retninga bryt med konservatismen og liberalismen ved å sjå staten som eit verktøy for å skape fridom og moglegskapar for einskildmenneske, dessutan i å vere radikalt innstilt i synet på eksisterande samfunnsstrukturar og etablerte løysingar.

Ideologien ligg nær midten av den politiske høgre/venstre-aksen sidan den legg vekt på størst mogleg fridom og samstundes eit sterkt sosialt ansvar. Alle har krav på menneskerettar og alle skal ha størst mogleg fridom. For at alle skal ha størst mogleg fridom må fridommen ha ei grense (liberal-), noko som vert formulert i uttrykket «min fridom sluttar der din fridom byrjar». Til dømes kan ein ikkje få fridom til å avgjere liv og levekår til andre individ. Full fridom er etter denne definisjonen anarki. Sosialliberalar prøver å setje denne grensa slik at alle får størst mogleg fridom til å avgjere over eige liv.

Kritikarar av sosialliberalisme hevdar ideologien fører til sosial oppløysing, gjennom å forkaste tradisjonelle sosiale verdiar og normer. Eksempelvis er ekteskapslovgjevinga eit felt der sosialliberalarar gjerne ynskjer å sidestille likekjønna samliv med det tradisjonelle ekteskapet og la likekjønna par adoptere barn.

Det norske sosialliberale partiet er Venstre. Andre sosialliberale parti i Skandinavia er det Radikale Venstre (RV) i Danmark og Folkpartiet (FpL) i Sverige. Nederland vert halde fram som eit føredøme på eit sosialliberalt samfunn.

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.