Hopp til innhald

Liberal teologi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Liberal teologi er ein teologisk retning innan protestantisk kristendom som i tråd med ideala frå opplysingstida prøver å ha ei udogmatisk haldning til trusspørsmål. Innan liberal teologi legg ein meir vekt på fornuft enn openberring, og fokus er flytta frå religiøse dogmer til føresetnadene og behova til den einskilde.