Fornuft

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Fornuft (avleidd av lågtysk vornemen, 'oppfatte, fornemme')[1] er evna til logisk tenking, vit, dei kognitive delane av mennesket sin psyke som gjev opphav til tanken. Fornuft er den menneskelege eigenskapen som gjer det mogeleg å trekkje konklusjonar frå synsmåtar, meiningar eller premiss. Ordet «fornuft» si tyding svarer i denne samanhengen i stor grad til «rasjonalitet» og «grunn»/«årsak». Fornuft er nært knytt til samanhengar som språk og logikk, noko som er reflektert i det fleirtydige greske ordet logos, rota til omgrepet logikk, som omsett til latin blei ratio, som igjen gav omgrepet «rasjonell».[2]

Fornuft som omgrep har kontrasterast ofte mot omgrepet som autoritet, intuisjon, emosjon (kjensle), mystikk, overtru og tru (inkludert religiøs tru). Rasjonalistar meiner at fornuft er meir påliteleg enn dei overståande omgrepa i det som kan sjåast på som mest best eller mest sannferdig, men kor nøyaktig fornuft skil seg frå emosjon, tru og tradisjon har ikkje konsensus (semje), då desse omgrepa kan sjåast på sitt vis å vere potensielt rasjonelle og såleis ikkje vere i strid med fornuft. 1300-talets filosof, William av Ockham, skilde likevel skarpt mellom tru og fornuft.[3]

Fornuft byggjer på empiri, vitskaplege undersøkingar av røyndommen, ting som kan målast, vegast, observerast og liknande. Alle naturvitskapane byggjer på dette prinsippet. Hypotetisk-deduktiv eller induktiv metode kjem herfrå. Matematikken byggjer på prov (bevis), utsegner som kan provast ved hjelp av aritmetikk eller geometri.

Fornuft er ein synsmåte som forklarer eller rettferdiggjer.[4] Filosofar kan skilje mellom forklarande fornuftsgrunnar og rettferdiggjerande fornuftsgrunnar.[5]

Forklarande fornuftsgrunnar er synsmåtar som kan tene til å forklare kor noko har skjedd – dei er grunnar til kor hendingar skjer, eller kvifor den aktuelle stoda er som ho er. Med andre ord, «fornuft» kan òg vere synonymt med «årsak». Til dømes; ein fornuftsgrunn er kvifor ein bil startar ved at tenningsnøklen er vridd om. I samanhengen med å forklare handlingane til eit vesen som handlar fornuftig, blir desse kalla for motiverande grunnar, det vil seie at grunnane til kvifor Per gjekk på universitet var for å lære; at han ville lære var hans motiverande grunn. Til sist, eit rasjonelt verkemiddel er å handle rasjonelt (fornuftig), hans motiverande grunnar er dei synsmåtane som han meiner tel til føremon for han, om han handlar slik.

Normative (normgjevande) fornuftsgrunnar, på den andre sida, er det som kan kallast synsmåtar som tel til føremon for ein, i ein del tilhøve. Desse kan sjåast på som forklaringar på kvifor ein del tilhøve burde kome til å skje, det vil seie kvifor nokon burde handle eller kvifor somme hendingar burde skje.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «fornuft» i Nynorskordboka.
  2. Latinsk ratio gav franske «raison» som igjen gav engelske «reason» (fornuft).
  3. William Ockham (1288–1349)
  4. Merriam-Webster Dictionary: Definition of reason
  5. «Reasons for Action: Justification vs. Explanation» hos Stanford Encyclopedia of Philosophy