Liberté, égalité, fraternité
Utsjånad

Liberté, égalité, fraternité (fransk for 'Fridom, likskap, brorskap'), er motto for Frankrike og for Haiti. Mottoet skriv seg frå Den franske revolusjonen og var nytta i den ålmenne debatten før Den fyrste republikken vart proklamert, men vart ikkje teke offisielt i bruk som motto for den franske republikken før på slutten av 1800-talet, det vil seie under Den tredje republikken.
Galleri
[endre | endre wikiteksten]- Revolusjonstrykk frå 1793
- Fane frå Sulitjelma med «frihet - likhet - brorskap».
- Plakat frå andre verdskrigen.