Liberty Island

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Liberty Island
øy
Liberty Island photo D Ramey Logan.jpg
Land Flag of the United States.svg USA

Liberty Island
40°41′23″ N 74°2′43″ W
Wikimedia Commons: Liberty Island
Fridomsgudinna på Liberty Island

Liberty Island er ei øy i New York Harbour utanfor Manhattan i New York, best kjend som staden Fridomsgudinna er plassert. Øya heitte opphavleg Bedloe's Island, men fekk i 1956 det nye namnet Liberty Island.

Ein kan berre nå øya med ferje, anten frå Battery Park i Manhattan eller Liberty State Park i Jersey City.

Øya tilhøyrer dei føderale styresmaktene i USA. Sjølv om ho ligg på New Jersey si side av delstatsgrensa, er øya administrativt ein del av Manhattan i New York.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne USAartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.