Likning i astronomi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Likning innan astronomi kan vise til fleire omgrep.

I teorien for rørsla til månen og planetane er likning skilnaden mellom den sanne staden til ein himmellekam og middelstaden til himmellekamen. I rørsla til månen er det ein månadleg og ein årleg ujamnheit som ein kallar høvesvis den parallaktiske likninga og den årlege likninga.

Likning kan òg tyde det same som feil. Personleg likning er ei feilkjelde ved astronomiske observasjonar som har fysiologisk årsak. Èin observatør gjev t.d. tidspunktet for stjernepassasjar systematisk tidlegare enn ein annan.

Det kan òg syne til lyslikning.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]