Liljana Tomova

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Liljana Tomova
Fødd 9. august 1946
Plovdiv
Yrke friidrettsutøvar

Liljana Tomova (fødd Liljana Todorova9. august 1946) er ein bulgarsk tidlegare friidrettsutøvar som vart europameister på 800 meter i 1974.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Ho vart bulgarsk meister på 400 m åra 1967-69 og 1972-73. I 1972 vart ho nasjonal meister også på 800 m.

Tomova deltok på 800 m under EM i friidrett 1974 i Roma, ein distanse der landsmannen Svetla Slateva stod som verdsrekordhaldar. Slateva var ikkje med i meisterskapsøvinga, og den bulgarske nasjonale meisteren av året vart utslått i semifinalane. Dermed kom det som ei stor overrasking at gullmedaljen på 800 m likevel skulle gå til Bulgaria. Med tida 1.58,14 sette Tomova personleg rekord og vann ein klar siger føre Gunhild Hoffmeister frå Aust-Tyskland. Fire dagar seinare tok Hoffmeister ein overbevisande siger på 1500 m, medan Tomova tok ein ny medalje då ho slo norske Grete Andersen i kampen om sølvmedaljen.

I 1976 fekk Tomova sølv på 800 m i innandørs-EM, bakom landsmannen Nikolina Sjtereva. Under dei olympiske leikane i Montreal om sommaren same året, rauk ho ut i ein semifinale.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]